Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Sertifisert sikkerheitsopplæringChevronRight
  4. Generell sikkerheitsopplæring modul 1.1ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Generell sikkerheitsopplæring modul 1.1

Artikkelen tar i hovudsak for seg kva lover, forskrifter og reglar som regulerer arbeidsutstyr og sertifisert opplæring. Du får innblikk i korleis dette påverkar miljøet på ein arbeidsplass og i litt større perspektiv med tanke på forureining, brannvern og handtering av farleg gods i ei verdikjede.

Varseltrekant på asfalt. foto.

Hovudmålet med opplæringa

Hovudmålet med denne opplæringa vil vere sikrare arbeid, færre skadar, auka effektivitet, betre trivsel og betre økonomi.

Rett til å bruke arbeidsutstyr

Alle som har gjennomført praktisk og teoretisk opplæring, med påfølgjande praktisk og teoretisk prøve som viser at kandidaten har nødvendig kompetanse, kan ha rett til å bruke arbeidsutstyr.

Då må følgjande vilkår i tillegg vere oppfylte:

  • Kandidaten må vere fylt 18 år.
  • Kandidaten må ha fysiske og psykiske føresetnadar.
  • Kandidaten må ha typeopplæring på det aktuelle arbeidsutstyret. Slik opplæring kan bli gitt til elevar ved vidaregåande skule frå fylte 16 år.

Kompetansebevis

Etter endt opplæring vil du få eit kompetansebevis. Dette vil vere dokumentasjonen din på at du har gjennomført opplæring på arbeidsutstyret du skal føre. Opplæringsverksemda skal sørgje for at du får denne dokumentasjonen gjennom å registrere deg i eit godkjent register. Dette gjer at du ved tap av kompetansebeviset kan kontakte registeret for å få skrive ut eit nytt.

Kompetansebeviset skal innehalde:

  • den opplærde sitt namn og fødselsdato, samt bilete av den opplærde
  • kva slags arbeidsutstyr det er gitt opplæring i
  • namn på opplæringsverksemda
  • utferdingsdato
  • namn og signatur på den som har utferda kompetansebeviset

HMS-kort

På alle byggje- og anleggsplassar er det innført påbod om å bære HMS-kort (id-kort) for alle som utfører arbeid der. Dette kortet er personleg og skal berast lett synleg. Kortet har ei varigheit på to år. Dette tiltaket skal bidra til betre HMS-forhold og auka seriøsitet i bransjen generelt.

Ulykker

Årsaken til dei fleste ulykker er utan tvil menneskeleg svikt.

Det kan kome av

  • for dårleg opplæring
  • for dårleg planlegging
  • haldningar rundt bruk av verneutstyr
  • rot på arbeidsplassen
  • mangelfulle eller dårlege instrukser
  • uventa hendingar der du handlar først og tenkjer etterpå

Derfor har krava til opplæring har blitt meir omfattande dei siste åra for å få ned ulykkestala.

Om ulykka er ute er det viktig at du som truckførar raskt varslar arbeidsgivaren din. Dette gjeld både ved personskader og for skader på bygningar og utstyr.

Død eller alvorleg skada

Arbeidsgivaren er ved arbeidsmiljølova sin §5.2 pliktig til å varsle både arbeidstilsynet og politi ved ulykker der arbeidstakar omkjem eller blir alvorleg skada. Dei skal også stadfeste dette skriftleg. Arbeidsgivar er også pliktig å registrere alle personskadar og informere verneombod, arbeidsmiljøutval eller helsepersonale i bedrifta om tilfella.

Ein alvorleg skade som skal registrerast kan til dømes vere

  • forgifting
  • forbrenning
  • frostskade
  • etseskade
  • skjelettskade
  • hovudskadar
  • tap av bevisstheit
  • skadar på indre organ
  • andre skadar som krev sjukehusbehandling

Lover og forskrifter

Bak alt vi foretekoss, ligg det eit lovverk eller ei forskrift som regulerer krava som blir stilte for å kunne gjere noko eller bruke noko. Det same gjeld her. Her har vi samla ei komplett oversikt over alle lover og forskrifter som i større eller mindre grad er ein del av denne opplæringa.

  • Arbeidsmiljølova
  • Forskrift om utføring av arbeid
  • Forskrift om maskiner (Maskinforskrifta)
  • Forskrift om landtransport av farleg gods (ADR/RID)
  • Forskrift om organisering, leiing og medverknad
  • Forskrift om administrative ordningar
  • Forskrift om tiltaks- og grenseverdiar
  • Internkontrollforskrifta
  • Byggherreforskrifta
  • Produsentforskrifta
  • Arbeidsplassforskrifta
  • Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova

Dette er lovverk som stadig blir revidert og forandra, og det kan derfor vere lurt å alltid bruke lovdata.no for siste utgåve av det aktuelle lovverket.

Miljøbelasting

Det er liten tvil om at bruk av arbeidsutstyr kan føre med seg belastingar på både det indre og det ytre miljøet. På ein arbeidsplass kan det indre miljøet bli påverka av eksosutslepp, lekkasje av olje eller kjemikaliar og støy.

Om vi tenkjer litt større perspektiv, kan arbeidsutstyret vi bruker påverke også miljøet til samfunnet vi lever i. Terrenggåande maskinar kan gjere skade på vegetasjon, eksosen frå forbrenningsmotorane er forureinande, og utslepp av olje, drivstoff og kjemikaliar i naturen er svært skadeleg.

Luft, elver, vatn og dyreliv er døme på vegetasjon, og er nokre av våre viktigaste ressursar både i dag og i framtida.

Miljøbelastninga kan reduserast viss vi aktivt

  • unngår unødvendig tomgangskøyring
  • bruker biodrivstoff eller elektriske motorar
  • unngår bruk av skadelege produkt/kjemikaliar
  • planlegg arbeidsoperasjonar for å unngå uhell/skadar

Verneutstyr

Bruk av personleg verneutstyr er uhyre viktig for å kunne gjennomføre sikre arbeidsoperasjonar. Det er di plikt som arbeidstakar ifølgje arbeidsmiljølova §2.3 pkt. 2a å bruke personleg verneutstyr i samsvar med dei reglar og instruksar som gjeld. Arbeidsgivaren på si side plikter å stille eigna verneutstyr til rådigheit og å kontrollere at arbeidstakarane bruker dette der det er nødvendig.

Døme på verneutstyr kan vere

  • hjelm
  • briller
  • fottøy
  • høyrslevern
  • hanskar

Verneutstyr skal brukast for å ikkje påføre arbeidstakaren skadar eller uheldige belastningar som følgje av ein arbeidsoperasjon. Til dømes skal ein treff tiltak mot støy når støynivået er over 85 dB(A).

Vernesko treng ikkje berre vere utforma for å beskytte mot klem eller støytskadar, men også for å redusere gli-fare, kulde, fuktigheit eller rett og slett beskytte mot ulike kjemikaliar.

Læringsressursar

Sertifisert sikkerheitsopplæring

SubjectEmne

Fagstoff