Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Sertifisert sikkerheitsopplæringChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Sertifisert sikkerheitsopplæring

I dette emnet får du lære kva sertifisert opplæring er, kva slags utstyr som krev denne opplæringa, korleis opplæringa går føre seg, og kven som kan gjennomføre opplæringa. Du skal også få innblikk i korleis reiskap og utstyr som er underlagt opplæringa, blir brukte, vedlikehalde og kontrollerte.

Mann sit ved arbeidsplass og leser i ei bok. foto.
For å frakte ADR-gods krevst spesiell kompetanse.

Sertifisert opplæring

Det krevst sertifisert sikkerheitsopplæring for å kunne bruke ei rekkje ulike arbeidsreiskapar. Felles for desse er at bruken av desse kan utgjere ein fare for skade på liv eller helse. Det er få unntak frå denne regelen.

Følgjande arbeidsutstyr er underlagt kravet om sertifisert opplæring:

  • bru- og traverskranar, dersom bruken medfører fare for skade på liv eller helse
  • tårnkranar
  • mobilkranar med større kapasitet enn 2 tm
  • portalkranar
  • kranar med større kapasitet enn 2 tm montert på lastebil eller lastebilhengjar
  • løfte- og stablevogn for gods med permanent førarplass på vogna
  • masseforflyttingsmaskinar med større effekt enn 15 kW (20,4 hk)

Vi skal sjå nærmare på det vi i daglegtale kallar for truck, altså ei løfte- og stablevogn for gods med permanent førarplass på vogna, og kranar med større kapasitet enn 2 tm, til dømes mobilkran og lastebilkran.

Innhald i opplæringa

Sjølve innhaldet i sertifisert opplæring er todelt. Det er ein teoretisk del og ein praktisk del. Den teoretiske biten tar for seg kva for lover og forskrifter som gjeld for det konkrete arbeidsutstyret, samtidig som det skal gi ei aukande forståing for sikkerheit, miljøbelastning, bruk og kontroll. Den praktiske biten, derimot, gir ei konkret opplæring i sjølve bruken av arbeidsutstyret. Heile opplæringa skal gjennomførast av ein godkjend instruktør frå ei sertifisert opplæringsverksemd, men instruktøren kan velje å delegere store delar av den praktiske opplæringa til ein "fadder" i bedrifta eller ved ein skule.

Klassifisering

Alt arbeidsutstyr er klassifisert i forskjellige klassar. Løfteutstyr frå G1-G12 og truckar frå T1-T8. Dei er klassifiserte slik fordi arbeidsreiskapane har ulikt bruksområde og verkemåte. Der er derfor hensiktsmessig i forhold til sikkerheit og miljø med opplæring på kvar enkelt klasse.

Slik er løfteutstyr og trucker klassifisert:

Løfteutstyr

  • G1 – mobilkran
  • G2 – tårnkran
  • G3 – sving-/portalkran
  • G4 – bru-/traverskran
  • G5 – offshorekran
  • G6 – flytekran
  • G7 – vinsjar, spel, taljer
  • G8 – lastebilkran
  • G9 – kabelkran
  • G10 – handdriven kran
  • G11 – løftereiskap
  • G12 – studio- og sceneriggar

Truck

  • T1 – skyvetruck, plattformtruck, palltruck
  • T2 – skyvemasttruck, støttebeinstruck
  • T3 – svinggaffeltruck, høgtløftande plukktruck, førarløftande truck
  • T4 – motvektstruck
  • T5 – sidelastar
  • T6 – Sidelastar, løftekapasitet over 10 tonn
  • T7 – Portaltruck, løftekapasitet over 10 tonn
  • T8 – motvektstruck, løftekapasitet over 10 tonn

Emner

Sertifisert sikkerheitsopplæring

  • Truck

    Vi lærer om ulike gaffeltruckar som viktige hjelpemiddel innan transport og logistikk.

  • Løfteutstyr

    Her skal vi se hvordan løfteutstyret er delt inn i forskjellige klasser og hva slags opplæring bruk av utstyret krever. Vi skal også se på hvordan utstyret vedlikeholdes, hvordan der er merket og hvilken løftekapasitet utstyret har.

Læringsressursar

Sertifisert sikkerheitsopplæring