Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Dokumentert sikkerhetsopplæringChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Dokumentert sikkerhetsopplæring

I dette emnet skal vi lære om kva dokumentert sikkerheitsopplæring er, kva slags utstyr som er underlagt denne opplæringa, korleis ei slik opplæring føregår og kven som kan gjennomføre slik opplæring. Du skal også få eit godt innblikk i korleis de ulike reiskapane eller utstyret som er underlagt slik opplæring blir brukt, vedlikehalde og kontrollert.

Dokumentert opplæring. Voksne og lærer. Bilde.
Opplæring er svært viktig for at dei tilsette skal føle seg trygge og raskt bli kompetente.

Arbeidsmiljøloven

Arbeidsmiljøloven regulerer både dokumentert og sertifisert opplæring. Det er slik at om det skal nyttast arbeidsutstyr som etter arbeidsgjevaren si risikovurdering krev særlig forsiktigheit ved bruk, skal arbeidstakaren få ei dokumenterbar sikkerheitsopplæring.

Dokumentert sikkerheitsopplæring

Dette vil med andre ord seie at ein person som er kompetent på arbeidsutstyret, skal sørge for at du som arbeidstakar får kunnskapar om oppbygging, betening, brukseigenskapar, bruksområde, vedlikehald og kontroll av arbeidsutstyret. Denne opplæringa må dokumenterast skriftleg og oppbevarast i bedrifta. Ein kompetent person vil i dette tilfellet vere ein som sjølv har gjennomgått opplæringa, som er ein habil brukar av arbeidsutstyret og som kjenner til det aktuelle pensumet rundt denne opplæringa.

Eksempel på arbeidsutstyr som krev dokumentert sikkerheitsopplæring:

  • løftereiskapar
  • personløftarar
  • bakløftarar på lastebilar
  • høgtrykksspyleutstyr
  • krokløftarar
  • vekselflak

Også enkelte operasjonar krev dokumentert sikkerheitsopplæring, til dømes:

  • stroppar og anhukarar
  • signalgjevarar

Kompetansebevis

Det er krav om at opplæringa skal dokumenterast skriftleg. Det er nok at bedrifta sjølv skriv ut denne dokumentasjonen. I dag ønsker fleire og fleire bedrifter å nytte ulike register for å registrere den dokumenterte opplæringa. Dette gjer det enklare å samle alt på eitt bevis, og enklare å skrive ut nytt ved tap av dokumentasjonen. Det er oftare og oftare kontroll langs vegane eller i bedriftene for å sikre at alle har fått den opplæringa dei skal ha.

Kompetansebeviset kan først skrivast ut etter at sikkerheitsopplæring i samsvar med §§ 10-2 i "Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav" er gjennomført og dokumentert. Kompetansebeviset for dokumentert opplæring inneheld i prinsipp det same som ved sertifisert opplæring, berre at det er forskjell på fargane på dei to korta.

Læringsressursar

Dokumentert sikkerhetsopplæring