1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Internasjonale transportarChevronRight
  4. Internasjonal godstransport IIChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Internasjonal godstransport II

Her skal vi ta for oss ulike prosedyrar for utførsel og innførsel av varer.

Grenseovergang Svinesund
Du plikter å melde fra til Tollvesenet når du innfører varer til Norge.

Utførsel av varer

Før varer kan sendast ut av Noreg, må du søkje Tollvesenet om løyve. Du søkjer ved å deklarere vara for Tollvesenet. Du deklarerer ei vare ved å fylle ut ein utførselsdeklarasjon. Dette er det same dokumentet som blir kalla einingsblanketten (enhetsblanketten) eller SAD-dokumentet. Dette dokumentet kan ha fleire funksjonar. Alle varer som skal førast ut av landet, skal deklarerast.

I tillegg er det nødvendig at det finst ein fakturaog eit fraktbrev. Fakturaen fortel kva vare det er, kor stor mengda er, og kva verdi ho har. Dette er opplysningar som er nødvendige for å kunne klarere vara inn i eit anna land.

CMR fraktbrev
CMR-fraktbrev.

Eit internasjonalt fraktbrev kan for vegtransporten vere eit CMR-fraktbrev, og for jernbanetransport eit CIM-fraktbrev. Sjøtransporten bruker konnossement – bill of lading eller waybill – og lufttransporten air waybill (AWB). Det vi skal vere klar over, er at eit «bill of lading»-dokument er eit negotiabelt dokument. Det vil seie at det kan omsetjast, slik at varene kan skifte eigar under transporten. Det er berre reieri og representantane for reieria som kan skrive ut slike konnossement eller «bill of lading»-dokument.

Når god skal eksporterast, kan det også vere krav om andre dokument i tillegg til faktura, fraktdokument og utførselsdeklarasjon. Det kan vere at det blir kravd bevis for kvar vara kjem frå, og ein sunnheitsattest når det gjeld matvarer. Kva papir som blir kravde for dei ulike varene, kan ein speditørhjelpe deg med.

Lenkje

Prosessene i vareførsel ut av Norge

Innførsel av varer

Når varer blir tekne inn til Noreg, må bestemte prosedyrar følgjast. Dersom prosedyrane ikkje blir følgde, kan ein bli teken for smugling og få streng straff. Vi skal no sjå litt nærare på prosedyrane som skal følgjast når varer skal importerast. Skriv ut blanketten som du finn her, og fyll ut. Klikk her så får du ein rettleiar for korleis du tek hand om importen papirmessig.

Prosessane ved innførsel les du meir om ved å klikke her.

Førarar av alle typar transportmiddel som kjem til Noreg med varer, pliktar å melde frå til Tollvesenet. Til import av varer bruker ein fleire av dei same dokumenta som blir brukt ved utførsel.

Varene skal deklarerast inn til Noreg, og det vanlege er at ein speditør gjer dette. Varene kan sendast vidare (forpasses) frå grensa og fram til ein tollstad. Det vil seie at varene blir sende ufortolla frå grensa og fram til eit tollager. Mottakar eller den personen som mottakar har bestemt, tek imot ei framkomstmelding som fortel at godset er kome fram. Varene kan sjølvsagt ikkje leverast til mottakar og brukast før dei er fortolla.

Verdien på vara og kva slags vare det er snakk om, blir lagd til grunn når toll og avgifter skal fastsetjast. Denne informasjonen skal stå i fakturaen. I tillegg kjem kostnadene med å få vara fram til norsk grense. Har ikkje vara nokon verdi, men er ei gåve, til dømes nødhjelp, bruker ein å skrive ut ein proforma faktura der ein skriv inn nødhjelp. Satsane for toll står i tolltariffen.

Alt får eit godsnummer hos første terminalen i Noreg eller på grensa. Godsnummeret inneheld identitetsnummeret til tollageret og eit dagnummer.

Godsnummeret består av 15 teikn, som vist under.

Årstal Tolldistrikt Lagerkode Dag i året Eksp.nr
2013 04 123 265 001
Mobil tollbod
Mobil tollstasjon.

Læringsressursar

Internasjonale transportar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs