1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Internasjonale transportarChevronRight
  4. Internasjonal godstransport IChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Internasjonal godstransport I

Her skal vi definere nokre omgrep i samband med internasjonal godstransport, og seie ein del om ulike prosedyrar ved denne typen transport.

Landskilt til Norge. foto.
Speditøren opplyser om kva grenser som skal passerast.

EU og EØS

Noko av ideen med EU er at det skal vere fri flyt av varer. Varer som blir produserte i éin EU-stat, skal fritt kunne omsetjast i ein annan EU-stat. Noreg er som kjent ikkje medlem i EU, men vi har avtalar med EU gjennom blant anna EØS – europeisk økonomisk samarbeid. Varer som kjem inn i Noreg, er toll- og avgiftspliktige, til dømes må ein betale meirverdiavgift for dei. Det er viktig at styresmaktene har oversikt over kva varer som blir importerte (sjå nedanfor), og kva varer som blir eksporterte (sjå nedanfor), slik at riktig vare blir rett behandla avgiftsmessig. Tollsatsane for alle varer finst i tolltariffen.

Eksport og import

Eksport er når varer blir produserte i Noreg med forbruk i eit anna land. Import er det når varer blir produserte utanfor Noreg, men forbrukte i Noreg. Klikk på import for å få meir utfyllande opplysningar.

Transittering

Transitt er det når varene berre blir transporterte gjennom ein annan stat.

Når vi til dømes fiskar og pakkar fisken i kasser som blir sende til Tyskland, eksporterer vi fisk til Tyskland. Blir fisken send til Tyskland via Sverige og Danmark, seier vi at fisken blir transittert gjennom desse landa.

Transittering av gods vedkjem berre vegtransporten – det er lite aktuelt for andre transportmiddel. Transittering vil seie å bruke territoriet til eit anna land berre til transport. Vi «låner» vegnettet.

Dokumenta vi nyttar ved transitt, er dei same som ved utførsel. Einingsblanketten er no også eit transitteringsdokument. Einingsblanketten kan ha opp til tre funksjonar: utførsel, transittering og innførsel. Då kallar vi det for full bruk. Delt bruk er det når dokumentet berre blir brukt til éin funksjon.

Speditøren som fyller ut dokumentet for transittering, merkjer av kva grenser som skal passerast. Vanlegvis er det ikkje noko problem å endre grenseovergangane undervegs.

ATA-carnet

Dette er eit dokument som blir brukt når varer skal inn i eit land og bli der berre ei kort tid før dei går ut att i same tilstand – det vil seie at ingenting er forbrukt. Døme på dette er varer som blir stilte ut på messer i utlandet, transporterte ved hjelp av eit ATA-carnet. Det som er viktig, er at varene blir stadfesta førte ut av landet før fristen går ut.

TIR-carnet

Skal vi sende eller ta imot varer med lastebil til eller frå land utanfor EU, bruker vi eit TIR-carnet ved transitteringa. Dette er eit passeringshefte der grensepasseringane blir stadfesta ved at talongar blir rivne ut av heftet. Når ein startar ein transport som skal gå på TIR-carnet, skjer det ved ein norsk tollstad. Vi seier at carnet blir opna eller starta ved at tollvesenet på avsendarstaden fyller ut første sida. Bilen blir plombert slik at ingen skal kunne kome inn til lasten utan å etterlate seg tydelege spor.

For kvar grense som blir passert, blir ein lapp riven av for utpassering frå eitt land og innpassering i det neste. Når ein kjem fram til mottakarstaden, skal det lokale tollvesenet fjerne plomberinga og kontrollere lasten. Vi kan kjøpe TIR-carnet frå blant anna Norges Lastebileierforbund.

Når man starter en transport som skal gå på TIR-carnet, skjer dette på et norsk tollsted.
Når ein startar ein transport som skal gå på TIR-carnet, skjer dette ved ein norsk tollstad.

Nokre prosedyrar og reglar

NSAB 2015 (Nordisk speditørforbunds alminnelige bestemmelser) er ei semje mellom interesseorganisasjonen til speditørane og transportbrukarane i dei nordiske landa og regulerer tilhøvet mellom dei.

Det kan vere knytt restriksjonar til somme varer. Det kan vere produkt som av ein eller annan grunn er uønskt i landet, eller det kan vere land vi ikkje ønskjer å handle med. Då kan det vere nødvendig å søkje om import- eller eksportløyve.

Leveringsvilkåra er viktige for å vite kven som har ansvaret for godset, og kven som skal betale. Desse vilkåra blir nemnde INCOTERMS 2010, som er ein kode som er internasjonalt kjend blant transportørane. Klikk på lenkja for å finne kodane og kva dei betyr. Leveringsvilkåra står i fraktbrevet som følgjer vara.

Læringsressursar

Internasjonale transportar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs