1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Internasjonale transportarChevronRight
  4. Internasjonal persontransportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Internasjonal persontransport

Her skal vi seie litt om kva papir ein må ha for å transportere passasjerar over landegrensene.

Skipstransport og lufttransport krever passasjerlister.
Skipstransport og lufttransport krever passasjerlister.

Reisemål

Fritidsreiser til andre land og andre verdsdelar voks fram i åra etter den andre verdskrigen (1939–1945). Før var Spania eit populært reisemål for nordmenn, men i dag går gjerne reisa lenger, til dømes til Thailand.

I dei seinare åra har det også blitt vanleg med internasjonale arbeidsreiser. Noreg importerer arbeidskraft frå land der kostnadene er lågare. Arbeidstakarane jobbar ein bestemt periode her i landet, og blir bytte ut med andre når perioden er over. Dette skjer blant anna mellom Polen og Noreg, og arbeidstakarane reiser mellom landa anten med buss eller fly.

Krav om legitimasjon

Tollbetjent holder opp et dokument. foto.
Mange land krev visum for innreise.

Schengen-avtalen er ei semje mellom dei fleste europeiske statane om friferdsel innanfor grensene til statane – her skal menneska kunne ferdast fritt. Namnet kjem av at avtalen blei gjord på ei ferje ved ein liten by i Luxemburg som heiter Schengen.

Alle skal kunne legitimere seg og bevise kven dei er, og at dei har ein rett til å vere i området. Pass er ein sikker måte å legitimere seg på, og derfor blir pass brukt i stor grad også innanfor Schengen når menneske kryssar landegrensene. Skal vi besøkje eit land som ikkje er medlem i Schengen-samarbeidet, må vi ha pass for å kome inn i landet.

Somme land utanfor EU og Schengen-området kan også krevje visum.Visum er eit løyve til å besøkje landet eller arbeide i landet, og somme land krev også visum for å reise ut av landet. Føremålet med visum er blant anna at styresmaktene skal kunne kontrollere folk for å sikre at dei ikkje har vondt i sinne. For enkelte land er politisk aktivitet nok til at ein ikkje får visum til landet. Kriminell åtferd kan også vere eit hinder. Det er gjerne slik at vi må søkje om visum ved ambassanden til landet før vi reiser, og det kan ta nokre dagar før vi får det.

Regelen om at vi skal kunne identifisere oss – med pass og visum – gjeld uavhengig av kva transportmiddel vi bruker når vi kryssar grensa. Innanfor Schengen-området er det berre eit krav om identifikasjon, medan det gjeld meir omfattande reglar utanfor.

Link til kart over Schengen-området

Sykepleiere
Noreg importerer arbeidskraft frå blant anna Polen.

Passasjerlister

Dei som driv med luft- og skipstransport, skal i alle tilfelle ha passasjerlister – det er viktig å vite kven som er om bord i tilfelle ei ulykke. Når det gjeld passasjertransport med tog, er det ikkje same krava innanfor Schengen-området. Her registrerer ein berre talet på passasjerar som er med toget, og det same gjeld for transport av passasjerar på veg. Utanfor Schengen er det nødvendig med ei form for passasjerliste også for buss, medan det kan vere ulik praksis for banetransport.

Førarkort

For ein yrkessjåfør kan det vere smart å tenkje over om førarkortet er forståeleg når ho eller han skal til fjerne strøk. Førarkorta vi har i Noreg, byggjer på ein felleseuropeisk avtale. Utforminga og kodane er lik for heile Europa. Skal vi til eit land utanfor EU, kan det vere lurt å skaffe seg eit internasjonalt førarkort.Dette er berre gyldig saman med det ordinære førarkortet og er ei omsetjing til mange ulike språk.

Raud og grøn sone

Ved grensepassering skal kvar passasjer kunne knytast til bagasjen sin. Det vil seie at passasjeren ber bagasjen sin dersom grensa skal passerast til fots, til dømes gjennom ein terminal. Passerer passasjeren grensa i tog eller bus, skal det også vere mogleg å knyte kvar passasjer til bagasjen hans eller hennar. Det er derfor viktig at det blir opplyst om kva kvotar dei kan ta med inn i landet, og kva det fører til om dei prøver å smugle inn varer.

På grensa er det ei raud og ei grøn sone. Går du på den raude sona, har du noko å fortolle. Vel du den grøne sona, har du ingenting å fortolle. Har du berre det som er innanfor kvoten, skal du gå på grøn sone. Går du på grøn sone og har noko meir enn det som er lovleg med deg, så er det smugling og du får straffetoll og bot.

Kvote over lovlege tollfrie alkoholhaldige drikkevarer
Brennevin o.l. over 22 % til og med 60 % 1 liter
Vin over 4,7 % til og med 22 % 1,5 liter (2 flasker)
Øl over 2,5 % (også sterkøl) 2 liter (6 flasker/boksar à 0,33)

Dette er kvoten av lovlege, tollfrie alkoholhaldige drikkevarer dersom utanlandsopphaldet har vart i minst 24 timar, eller ein har betalt avgiftene på staden (ikkje tax free), til dømes ved at ein har kjøpt varene på Systembolaget i Sverige.

Tollkontroll
Raud og grøn sone.

Læringsressursar

Internasjonale transportar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs