1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Internasjonale transportarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Internasjonale transportar

Her skal vi seie litt om endringar i verdikjedene og det at vi har fått meir fritid. Dette har auka trafikken over landegrensene.

Tekstilproduksjon
Varene vi bruker i vår del av verda, blir svært ofte produsert i land der kostnadsnivået er lågare.

Verdikjedene er blitt endra dei siste åra. Svært ofte blir varene vi bruker i vår del av verda, produsert i andre delar av verda der kostnadsnivået er lågare. Dette fører til auka transport over landegrensene.

Vi har også fått meir fritid, og kjøpekrafta er betre no enn for berre nokre tiår sidan. Det er i dag heilt vanleg å reise på ferie til andre land for nye opplevingar. Å transportere både varer og menneske er blitt rimelegare, og dette har ført til at «verda er blitt mindre». Det lønner seg ofte å produsere varer i éin verdsdel og transportere dei til ein annan verdsdel der forbruket skjer.

Ulike prosedyrar er knytte til internasjonale reiser eller transport av varer. Klikkar du på denne lenkja, kjem du til sider som kan vere nyttige både for transportørar, passasjerar og vareeigarar.

Lenkje

På grensen - et magasin fra Tollvesenet

Læringsressursar

Internasjonale transportar