1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Lasting og lossingChevronRight
  4. Førebygging av skade på gods under transportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Førebygging av skade på gods under transport

For å sikre rasjonell håndtering av gods ved lasting og lossing bygger vi opp stykkgods til enhetslaster som vi plasserer på lastbærere.

Rader med grønnsakskasser. Foto.
IFCO-kasser med grønnsaker

Stablebelastning

Når vi byggjer opp gods til stabile transporteiningar må det vi plasserer nedst på ein lastberar (europall), tåle belastninga av det vi stablar oppå.

Somme varer har ein forbrukaremballasje med høg stablestyrke. Døme på slike varer er hermetikk eller måling som har emballasje av stål. Slikt gods kan vi stable direkte oppå kvarandre.

Andre varer har ein forbrukaremballasje med svak stablestyrke. Då må vi bruke tilleggsemballasje (som regel av kartong eller plast) for å verne varene endå betre.

To tomme isoporkassrer. foto.
Isoporkasse som eignar seg til å frakte fisk i.

Kartong mistar stablestyrke i fuktig miljø. Vi lagrar alltid kjøle- og frysevarer i fuktige omgivnader. Derfor bruker vi mest plastemballasje til kjøle- og frysevarer. Døme er isoporkasser til emballering av ferske isa fiskeprodukt eller grøne IFCO-kasser (International Food Container) til emballering av frukt og grønt. Både isoporkasser og IFCO-kasser er slik utforma at kvart lag (forband) kan låsast av mot kvarandre. Alternativt kan vi bruke kartong som er plastbelagd.

Kantsikring

Somme produkt er følsame overfor støyt eller slag (til dømes møblar). Slike produkt sikrar vi ekstra med kantvernarar.

Ved å trykkje her kan du sjå døme på kantvernarar.

Avstempling av gods i konteinarar

Så lenge gods er avstempla mot kvarandre i ein konteinar eller eit lasterom, vil ikkje godset kunne forskyve seg i forhold til kvarandre. Det er derfor viktig at du bruker utstyret innvendig i konteinarar og skap til å stemple av alt gods før køyring.

Læringsressursar

Lasting og lossing

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs