Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PåbyggChevronRight
  4. Bil med betongtrommelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bil med betongtrommel

Her skal vi lære om lastebilar med betongtrommel.

Betongbil på E10
Bil med betongtrommel.

Betong blir transportert i ein roterande trommel, og betongen blir teken inn frå blandeverket gjennom toppen av trommelen. Så lenge det er betong i trommelen eller han ikkje er gjort rein, vil trommelen gå rundt. Skovlene inne i trommelen er skråstilte slik at betongen blir pressa mot botnen (fremst) i trommelen. Når ein køyrer, fører dette til at tyngdepunktet på lasta blir forskyvd framover, og at aksellasta framme blir stor. Når ein skal tømme trommelen, endrar rotasjonsretninga på trommelen seg, farten på rotasjonen på trommelen aukar, og betongen blir pressa ut. Når arbeidsdagen er over, må ein tømme og vaske trommelen.

Læringsressursar

Påbygg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs