Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PåbyggChevronRight
  4. Transport av tømmer, trevirke og flisChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Transport av tømmer, trevirke og flis

Her skal vi lære om påbygg som blir brukt i transport av tømmer, trevirke og flis.

Tømmerbil med tilhenger.
Tømmerbil med tilhenger.

I heile landet transporterer ein tømmer på køyretøy som er spesielt innretta for slik transport. Dette er ein krevjande transport for både førar og materiell, og det er derfor det tyngste materiellet som blir brukt. Det blir tillate ei samla lengd på 22 meter for vogntog som er spesielt innretta for tømmertransport. Dette blei gjennomført som eit tiltak mot velteulykkene som tømmertransporten var ein del av. Då lengda blei auka til 22 meter, ville lastehøgda samtidig gå ned. Bilane er tre- eller fireaksla (anten 6 x 2, 6 x 4 eller 8 x 4) som gjerne er tandemtrekkjarar.

Bakarst på bilen sit det ei tømmerkran, som er lukka for å gi føraren eit betre arbeidsmiljø. Krana blir driven av motoren på bilen via eit kraftuttak, og ein kan setje krana av om det er ønskjeleg.

Tilhengjaren er vanlegvis ei fireaksla slepevogn som kan laste to tømmerlengder etter kvarandre.

Saga og høvla tre blir bunta saman på sagbruket før sendinga, og ein slik bunt blir kalla ein pakke. Ein skal transportere saga og høvla virke på bilar med midtstakar – stakar som sit midt i planet, og som lasta blir sikra imot.

Flis blir brukt til fleire ting, som oppvarming eller sponplater. Flisa blir transportert på vogntog som kan laste store volum opp mot 120 kubikkmeter. Påbygga har normal tipp, ein kan leggje taket inn til sida ved hjelp av hydraulikk, og ein kan opne heile sida.

Flisbil
Flisbil.

Læringsressursar

Påbygg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs