Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PåbyggChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Transport i byggje- og anleggsverksemd

Her skal vi lære om påbygg som blir brukte i byggje- og anleggsverksemd.

Lastebil med trevegstipp
Lastebil med treveistipp.

Byggje- og anleggsverksemda er ein stor transportbrukar. Massar skal køyrast til og frå, og det same skal byggjematerialar og utstyr. Målt i tonn er transport av jord og stein den aller største varegruppa som blir transportert på veg.

Dumparar

Når ein skal transportere masse, som til dømes jord, leire, stein og så bortetter, bruker ein lastebilar med dumparpåbygg og gjerne tilhengjar. Dumparpåbyggjarane deler vi inn i lettdumpar, normaldumpar og tungdumpar. Lettdumparen er berekna for finare massar, medan tungdumparen er berekna for dei tøffe oppdraga med til dømes sprengd stein. Den største skilnaden mellom desse tre typane er styrken i materialet dei er laga av. Eit dumparpåbygg med tala 10–6 betyr at materialtjukna er 10 mm i botnen og 6 mm i sidene. Alle desse kan tippe berre bakover. Tilhengjarar som blir nytta, er ofte påhengsvogner som blir kalla for kjerre.

Lastebil med tippsemi. foto.
Lastebil med tippsemi.

Ein nyttar no også semitrailerar i stadig større grad. Då slepp ein problemet med å tippe mellom bil og hengjar, og utstyret blir rimelegare. Men veltefaren blir større med ein semitrailer enn med bil og hengjar, noko som kjem av lengda på dumparkassen. Hugs at dess lengre dumparkassen er, dess lettare vil han velte under tipping.

Det finst framleis bilar med trevegs tipp, men dei ser ein ikkje så ofte brukt lenger. Ein bil med trevegs tipp kan tippe både til sidene og bakover. Føraren vil kunne opne og låse dei riktige låsane og dermed tippe lasta slik han ønskjer.

Maskintralle

Når noko skal byggjast, er det nødvendig å flytte maskiner og utstyr, og til det bruker ein ofte ein trekkbil med påkopla maskintralle. Ei maskintralle er ein semitrailer som er innretta for maskintransport, og det betyr at han er bygd lågt og har køyrebruer bak. No er det utvikla nye løysingar der det er mogleg å dele maskintralla ved svana, og då blir det enklare å køyre utstyret på, og tyngdepunktet blir lågare. Dei fleste maskintrallene kan gjerast breiare i nesten heile lengda.

Trekkbil med maskintralle
Trekkbil med maskintralle.

Læringsressursar

Påbygg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs