Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PåbyggChevronRight
  4. BulktransportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bulktransport

Her skal vi lære om kva bulktransport er. Vi kan dele bulktransport inn i to typar – transport av tørre stoff i laus vekt og transport av våte stoff i laus vekt.

Trailer med tank. foto.
Bulktransport

Tanktransport er ein vanleg transportmåte innanfor bulktransporten.

I bulktransport bruker ein avanserte transportmiddel og lastar normalt ved at stoffa blir droppa (sleppte) på og tippa eller pumpa av. Tørre bulkstoff er korn, sement, gjødsel, sukker, mjøl og så bortetter. For å hindre forstopping når lasta skal av, bruker ein til dømes trykkluft for at lasta skal bli flyktig. Når ein skal byte last, må ein reingjere tankane grundig. Ein kan gjere reingjeringa på spesielle anlegg for tankreingjering, eller ein kan gå ned i tankane for å koste. Då er det viktig at ein følgjer dei tryggleiksprosedyrane som gjeld.

Den største gruppa våte stoff som blir transporterte i tank etter veg, er drivstoff til køyretøy. Dette er farleg gods og krev eit ADR-bevis for tankkøyring – då er transporten underlagd spesielle reglar, og føraren har vore gjennom ei spesialisert opplæring.

Transport av mjølk kan ein gjennomføre utan ADR-bevis. Transporten går ut på å hente inn mjølk hos produsentar for så å køyre mjølka inn til meieria for vidare foredling. Det som er spesielt med denne transporten, er hygienekrava. Ein tek prøvar av mjølka både hos produsenten og inne på meieriet, og etter lossing vaskar ein tankane grundig. Tankane er isolerte slik at ein ikkje får problem med frost.

Tanken på eit køyretøy er vanlegvis delt inn i fleire rom, slik at det er mogleg å transportere varer av ulik kvalitet og å utnytte køyretøyet vektmessig. Romma kan ha slingreskott som hindrar lasta i å bevege seg raskt frå ei side til ei anna.

Mjølkebil.
Mjølkebil.

Læringsressursar

Påbygg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs