1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PåbyggChevronRight
  4. SkapChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skap

Her skal vi lære litt om påbygget som vi kallar skap.

Bakside av lastebil.foto.
Lastebil med stykkgodsskap.

Eit skap kan også kallast ein transportbehaldar eller ein lastberar. Skapet har tak, faste vegger og er isolert, det har dører og ofte også ein baklyftar. Skapet vernar varene mot påverknad frå vêr og vind på ein god måte, og det reduserer faren for svinn ettersom ein kan låse det. Ein kan utstyre eit skap med heil sideopning, og det kan dermed tilpassast dei fleste behov. Eit skap utan temperaturregulering eller anna spesialutrusting enn ein baklyftar blir gjerne kalla eit stykkgodsskap.

Gods som krev temperaturregulering, blir transportert i skap som er utstyrte med aggregat eller anna innretning for å styre temperaturen inne i skapet. Slike varer blir ofte kalla for ATP-gods – ATP betyr matvarer som lett blir skjemde. Ein bil som er godkjend for ATP-gods, kan vere 2,6 meter brei. Transportbehaldarar (skap) som er godkjende etter ATP-føresegnene, er merkte med ein kode og kva månad og år denne godkjenninga går ut. Koden viser kva temperaturområde utstyret er godkjent for.

ATP = agreement on transport of persiable

Skap har gjerne feste for lastsikringsutstyr i golvet. På veggen inne i skapet kan det også vere ei skinne, som er berekna til å stengje godset i lengderetninga. Skap kan også ha utstyr for å transportere hengjande last.

Termotransport.
Termotransport.

Læringsressursar

Påbygg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs