1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PåbyggChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Påbygg

Ulike oppgåver krev ulike verktøy. I transporten betyr det at transportmidla blir tilpassa dei behova dei skal tene, slik at transporten blir mest mogleg effektiv anten det dreier seg om godstransport eller persontransport.

Lastebil, fly, truck og containerskip. foto.

Godstransport

Tenk over kva for varer som blir transporterte etter vegen, eller vanskelegare; kva for varer som ikkje blir transporterte etter vegen. Når mangfaldet blir stort og ulike varer kan ha ulike krav til effektiv transport, blir køyretøya tilpassa godset. Vi bruker ulike påbygg.

Om du ser på registreringsstatistikk for lastebilar, vil du sjå at det stadig blir fleire små godsbilar. Det kan ha samanheng med at bedriftene prøver å redusere lagermengdene, og at storleiken på sendingane derfor blir mindre. Små køyretøy kan byggjast opp som alle andre køyretøy, men det vanlegaste er at dei blir utstyrte med lasteplan eller skap.

Persontransport

Persontransporten skal transportere kunden frå A til B på ein slik måte at tenesta verkar god, og at kunden opplever at prisen og ytinga er riktig. Dette vil mellom anna bli spegla i det transportmiddelet som blir nytta til transporten. Persontransport i urbane strok (byar) set andre krav til transportmiddelet enn om transporten skal gå utanfor tettbygde strok. Derfor er bussane delte inn i klassar frå 1 til 3.

Læringsressursar

Påbygg