1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BetalingssystemChevronRight
  4. Kjøp av billettar på InternettChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjøp av billettar på Internett

Mange transportselskap sel billettar på Internett, både på eigne nettsider og via reiselivsdatabasar. Det skal du lære meir om her.

Billettautomat på flyplass
Billettautomat på flyplass.

Både flyselskap, ferjereieri og ruteselskap sel billettar over Internett. Dette er særleg nyttig i internasjonal passasjertrafikk. For alle slike transportar skal ein ha ei passasjerliste, slik at styresmaktene veit kven som var om bord i tilfelle havari.

Når passasjerar kjøper billett over Internett, registrerer datamaskinene all nødvendig informasjon. Deretter framstiller dataprogram denne informasjonen i form av kvitteringar, billettar og passasjerlister. Ferdig utfylte passasjerlister skal vere klare før ein avgang tek til.

Ved kjøp av billettar via Internett går betalingstransaksjonane føre seg via ein nettbank frå kjøparen til seljaren. Etter at passasjeren har betalt, får passasjeren ei ordrestadfesting eller ei betalingsstadfesting som inneheld ein referansekode.

Som regel kan passasjeren velje om ho eller han vil ha billett i pdf-format som e-post eller elektronisk billett ved flyreiser og internasjonale båtreiser. Ved bestilling av buss- og togreiser kan passasjeren også velje SMS-billett. Mobiltelefonen blir då billetten.

Om passasjeren vel elektronisk billett, held det å dra betalingskortet som blei brukt ved bestillinga, gjennom ein kortlesar når han eller ho går om bord.

Vel passasjeren pdf-billett, må passasjeren sjølv skrive ut billetten på papir. Papirbilletten inneheld mellom anna ein referansekode med ein tilhøyrande strekkode, som kan lesast ved hjelp av ein skannar.

Ikkje alle passasjerar som kjøper billettar via Internett, møter opp ved avgang. For å få ei oppdatert passasjerliste skal alle passasjerar som går om bord, registrerast på ny. Dette skjer ved skanning av strekkodar på papirbillettar og avlesing av elektroniske billettar i kortlesarar. SMS-billettar blir førebels kryssa manuelt mot elektroniske eller papirbaserte passasjerlister.

Lenkjer

Tromskortet

Ruter

Læringsressursar

Betalingssystem

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs