1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BetalingssystemChevronRight
  4. Registrering av betalingstransaksjonarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Registrering av betalingstransaksjonar

Her lærer du at lova stiller krav til kva informasjon ein faktura, ei betalingskvittering eller ein billett skal innehalde.

Person holder opp mobilen som viser en elektronisk billett.foto.
Elektronisk togbillett

Kvar gong ein kunde kjøper transport, må vi registrere salet. Reglane om dette finn vi i bokføringslova. Vi må gi kunden ei kvittering, som vi anten må skrive for hand eller ved hjelp av ein utskriftsterminal. Alle billettmaskiner fungerer i dag som utskriftsterminalar.

Bokføringsforskrifta § 5-1stiller følgjande krav til innhaldet i eit salsdokument (til dømes ein faktura eller ei kvittering):

Dokumentasjon ved sal av varer og tenester skal minst innehalde

  • nummer og dato for når dokumentasjonen blei skriven ut
  • namn på partane
  • arten og omfanget av ytinga
  • tidspunkt og stad for levering av ytinga
  • godtgjersle og betalingsforfall
  • eventuell meirverdiavgift og andre avgifter knytt til transaksjonen som ifølgje lov eller forskrift må vere spesifisert

Ved kollektivtransport registrerer vi normalt ikkje kjøparen med namn. Billetten vi skriv ut, er likevel kvitteringa den reisande har på at han eller ho har betalt. Om ein reisande betaler og gløymer å ta med seg billetten sin, må du sørgje for at passasjeren får han med seg, elles kan passasjeren få ei kontrollavgift på fleire hundre kroner ved billettkontroll. Samtidig er det slik at vilkåra ved kjøp av ei kollektivreise er spesifisert i transportvilkåra til transportselskapa, ikkje i salsdokumenta.

I 2012 var meirverdiavgiftssatsane 25 % for godstransporttenester og 8 % for persontransporttenester.

Læringsressursar

Betalingssystem

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs