1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BetalingssystemChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Betalingssystem

Her skal vi seie litt om korleis betalingssystem i transportnæringa har utvikla seg.

Billettmaskin. Foto.

Frå manuelle til elektroniske betalingssystem

Kong Olav den femte reiser med trikk. Foto.
Kong Olav den femte reiser med trikk og løyser manuell billett.

Tidlegare var dei fleste betalingssystema innan gods- og persontransport manuelle og baserte på kontant betaling. Billettmaskiner registrerte billettkategori og beløp og skreiv ut kvittering eller billett til kunden. I dag er dei fleste betalingssystema i tettbygde område baserte på elektroniske . Då skjer billetteringa raskare, samtidig som risikoen for ran blir mindre. Ute i distrikta finn vi framleis ein del manuelle betalingssystem.

Elektroniske billettmaskiner må framleis skrive ut papirbillett til dei som vel å betale kontant. Dette er det einaste beviset ein passasjer har på at han eller ho har betalt. Dei som betaler elektronisk, bruker anten magnetstripekort, smartkort, mobiltelefon eller nettbank via Internett. Då ligg billettkvitteringa lagra i magnetstripekortet, i smartkortet, på mobiltelefonen eller på ei utskrift frå Internett.

Elektronisk fakturering

Handelspartar bruker også EDIFACT-meldingar (Electronic Interchange for Administration, Commerce and Transport) for elektronisk fakturering. Då utvekslar dei all informasjon elektronisk.

Ulike måtar å utveksle elektronisk informasjon på. Illustrasjon.
Ulike måtar å utveksle elektronisk informasjon på.

(Kjelde: Norstella.)

System for elektronisk fakturering held no på å ta over for manuell fakturering. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har utarbeidd eit regelverk som statlege verksemder skal følgje frå 2011.

Prosessen i systemet for elektronisk fakturering. Illustrasjon.
Systemet ved elektronisk fakturering.

Difi si løysing for elektronisk faktura nyttar den nye standarden Elektronisk handelsformat (EHF). Forskrift om IT-standarder i offentlig forvaltning pålegg statlege verksemder å ta i bruk EHF, og dermed må bedrifter som samhandlar med offentlege verksemder, også bruke løysinga.

Aksesspunkt

Eit aksesspunkt fungerer som eit elektronisk postkontor som formidlar elektroniske dokument, og dei som skriv ut eller tek imot elektroniske fakturaer, må sjølve gjere ein avtale med aksesspunkta. Elektroniske postkontor eller aksesspunkt finn du ved å følge denne lenkja til Difi sine fagsider om offentlege anskaffingar.

Partane kan deretter utveksle fakturaer ved hjelp av ein nettbasert fakturaportal. Leverandøren sender då elektronisk faktura til aksesspunkt A som leverandøren har avtale med. Aksesspunkt A slår opp i registeret over fakturamottakarar og finn ut at mottakaren av fakturaen har avtale med aksesspunkt B. Aksesspunkt A sender faktura til aksesspunkt B. Aksesspunkt B sender så fakturaen elektronisk til kjøparen.

Læringsressursar

Betalingssystem