1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LagerstyringChevronRight
  4. Kontroll av transportavtaleChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kontroll av transportavtale

Her lærer du kor viktig det er med kontroll av transportavtalen ved mottak av gods. Kontrollen skal sikre at vi ikkje tek imot gods som er skada eller har manglar frå transportøren, utan å notere dette i fraktbrevet.

Pappekse som har fått seg en trykk.foto.

Kontroll av transportavtale

Medan ein kjøpsavtale blir gjort mellom seljar og kjøpar, blir ein transportavtale gjort mellom avsendar og fraktførar, og han blir avslutta mellom mottakar og fraktførar. Det er derfor mottakaren som må kontrollere at transportavtalen er oppfylt.

Partene i en transportavtale
Partane i ein transportavtale.

Ein transportør – eller fraktførar, som vegfraktlova kallar transportøren – har erstatningsansvar for gods som blir skadd under transport. Erstatningsansvaret er ikkje avhengig av verdien på varene, men av vekta på godset. Derfor må vekta på det skadde eller manglande godset skrivast i merknadsrubrikken i fraktbrevet.

Nokon transportavtalar blir gjort med tidsgaranti, noko som betyr at vara skal leverast til ei tid som er avtalt på førehand. For å kontrollere at tidsgarantien er oppfylt, må mottakaren av godset notere tidspunktet sendinga blei levert, i merknadsrubrikken i fraktbrevet.

Fraktbrev med merknadsrubrikk.
Fraktbrev med merknadsrubrikk.

Viss godset har ein synleg skade når det blir levert, skal dette kommenterast i merknadsrubrikken i fraktbrevet og signerast. Helst bør sjåføren som leverer godset, òg signere i merknadsrubrikken. På den måten stadfestar sjåføren at skaden ikkje hadde skjedd då godset blei levert.

Læringsressursar

Lagerstyring