Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LagerstyringChevronRight
  4. Bestillingspunkt og sikkerheitslagerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bestillingspunkt og sikkerheitslager

Her lærer du korleis elektroniske datasystem hjelper kjedene med å bestille nye varer i tide, slik at dei ikkje går tomme for varer.

Butikkansatt holder strekkodeleser mot varekoder på frysedisk.foto.
Oppdatering av varelager med strekkodeleser.

Døme

Eit regionlager registrerer at butikkane det forsyner, i gjennomsnitt bestiller éin kartong av eit bestemt vaskemiddel per kvardag. Samtidig veit regionlageret at det tek fem dagar å få etterfylt lageret med nye kartongar. Vi seier at artikkelen har ei leietid på fem dagar.

Leietid = tida som går frå bestilling til leveranse. Leietida varierer for kvar artikkel.

Elektronisk registrering av varebeholdningen for en artikkel
Elektronisk registrering av varebehaldninga for ein artikkel.

Figuren viser at lageret i dømet startar med ei varebehaldning på ti kartongar av ein artikkel den første måndagen. Dagen etter registrerer datasystemet at varebehaldninga har minka til ni kartongar. Etter fem kvardagar er lagerbehaldninga på berre fem kartongar.

Sidan det tek fem dagar å etterfylle lageret med nye kartongar og lageret i gjennomsnitt sel éin kartong per dag, legg regionlageret inn eit bestillingspunkt på artikkelen når lagersaldoen (restbehaldninga) viser fem kartongar. På dette tidspunktet er datasystemet programmert til å føreslå ein innkjøpsordre for artikkelen.

På denne måten får innkjøpsavdelinga ei påminning om å bestille nye artiklar, slik at dei unngår å gå tomme. Kvar dag oppdaterer datasystemet lagersaldoane av varer etter kvart som logistikkoperatørane plukkar varer frå ulike lokasjonar. Deretter tek innkjøparane ut eit bestillingsforslag til nye varer dei bør kjøpe inn for å ikkje gå tomme for ei vare.

Nokon gonger kan det gå lengre tid enn normalt frå bestilling til leveranse. I så fall risikerer lageret å gå tomt for ei vare. Andre gonger kan etterspørselen frå butikkane bli større enn normalt. For å ha ein buffer mot slike situasjonar sit lageret alltid inne med eit lite reservelager – eller eit sikkerheitslager. Om leietida ein gong iblant blir seks dagar i staden for fem, eller om ein butikk bestiller to kartongar i staden for éin, vil lageret likevel ikkje gå tomt før det kjem nye varer.

Dei ansvarlege for innkjøp av nye varer går alltid gjennom det automatiske innkjøpsforslaget og modifiserer det. Nokon artiklar er sesongvarer, andre er bestillingsvarer som berre nokon bestemte kundar skal ha. Datasystem gjer berre det dei er programmerte til. Derfor må innkjøparane heile tida vurdere om dei vil akseptere dei innkjøpsforslaga som datamaskina genererer.

Læringsressursar

Lagerstyring