Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LagerstyringChevronRight
  4. Klargjering av lager for innkjøpChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Klargjering av lager for innkjøp

Alle lager treng jamleg påfyll av nye varer. Her lærer du at varekjeder bruker elektroniske datasystem som hjelpemiddel for å etterfylle lagera sine før dei går tomme for ei vare.

Kvar plass har si eiga lageradresse (lokasjon)
Kvar plass har si eiga lageradresse (lokasjon).

Handelskjeder har i dag eit breitt varesortiment som dei oppdaterer heile tida. Sortimenta kan bestå av fleire tusen ulike varelinjer, der kvar varelinje representerer ein unik artikkel. Det er umogleg å halde oversikt manuelt.

Elektronisk prosess med generering av innkjøpsordre
Elektronisk prosess med generering av innkjøpsordre.

For å halde orden på varelinjene opprettar kjedene ei lageradresse (lokasjon) for kvar artikkel, og deretter registrerer dei kor mange einingar det er på kvar lokasjon. For kvart uttak av ein artikkel frå ein lokasjon skannar lagermedarbeidarane varenummeret, og det same skjer kvar gong dei fyller på nye varer. Datasystem held dermed heile tida oversikt over kor mange artiklar det er på kvar lokasjon.

Tal
Lagerbehaldning ved byrjinga av ein dag på ein lokasjon 10
Talet på nyregistrerte artiklar gjennom ein dag på ein lokasjon 0
Talet på plukka artiklar gjennom ein dag frå ein lokasjon 2
Lagersaldo for ein lokasjon ved slutten av ein dag 8

Tabell: Lagersaldo blir registrert elektronisk på alle lokasjonane.

Læringsressursar

Lagerstyring