Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LagerstyringChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Lagerstyring

Her skal du lære kva som er hovudarbeidsprosessane på eit lager, og rekkjefølgja dei skjer i. Nokon av prosessane er manuelle, medan andre blir styrte elektronisk av lagerstyringssystem.

Lagerterminal.foto.
Lagerterminal

For å kunne styre må du forstå både dei manuelle og dei elektroniske prosessane. Dei elektroniske prosessane er ikkje vanskelege. Dei handterer store mengder data etter enkle reglar, og desse enkle reglane er det viktig at du forstår.

Figuren nedanfor viser hovudarbeidsprosessane på eit lager og rekkjefølgja dei skjer i. I figuren er manuelle prosessar markerte med grønt.

Manuelle og elektroniske arbeidsprosesser
Manuelle og elektroniske arbeidsprosessar på eit lager.

Hovudprosessane som eit lager må styre, er

  • etterfylling av lager eller innkjøp
  • mottak av kundeordrar
  • ordreplukk

Læringsressursar

Lagerstyring