1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. KommunikasjonsteknologiChevronRight
  4. Kommunikasjonsteknologiar og frekvensbandChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kommunikasjonsteknologiar og frekvensband

Her lærer du at det finst mange konkurrerande teknologiar for informasjonsoverføring.

GPS i bil. foto.
GPS er et satellittnavigasjonssystem.

Kommunikasjonsteknologiar og frekvensband

Informasjon kan i dag overførast via kabel- eller fibernettverk eller trådlause nettverk. Trådlaus overføring skjer i ulike frekvensband.

Frekvens = talet på svingingar per sekund

Måleeininga for frekvens er hertz eller Hz

1 Hz = 1 hertz = 1 svinging per sekund

1 kHz = 1 kilohertz = 1000 svingingar per sekund

1 MHz = 1 megahertz = 1 million svingingar per sekund

1 GHz = 1 gigahertz = 1 milliard svingingar per sekund

Telegrafist. foto.
Telegrafist

Trådlaus kommunikasjon har vore praktisert i lang tid til sjøs. Kommunikasjonen har gått føre seg ved hjelp av radiobølgjer i VHF- og UHF-frekvensbanda (Very High og Ultra High Frequency).

VHF-frekvensar ligg i området frå 3 til 30 kHz, UHF-frekvensar i området frå 300 MHz til 3000 MHz. I dag blir dei tradisjonelle UHF-radiofrekvensane brukte både for GPS, Bluetooth, mobiltelefoni og WiFi.

GSM-mobiltelefonar bruker frekvensar i 900 og i 1800 MHz-banda i Europa. Amerika bruker 1900 MHz-bandet. Mange mobiltelefonar kan i dag kommunisere over alle dei tre frekvensbanda. Dess høgare frekvens vi bruker, dess kortare rekkjevidd oppnår vi. For leverandørar av trådlaus telefoni betyr dette at det er nødvendig med fleire basestasjonar for å dekkje eit område. Samtidig aukar kravet til fri sikt mellom basestasjon og sendar eller mottakar. Basestasjonar som formidlar GSM-meldingar, har ei rekkjevidd på om lag 34 kilometer.

Frekvensar over 30 GHz blir brukte over korte avstandar. Mange transportfirma har investert i sine eigne kommunikasjonssystem for å sleppe å betale telefonavgifter til eit telefonselskap kvar gong dei skal sende eller ta imot ei melding. Slike løysingar blir praktiserte av drosjesentralar og bodbilfirma i tettbefolka byområde. Dei har sine eigne basestasjonar og kommuniserer i sine eigne, lukka nett. Også store verksemder som er spreidde innanfor eit avgrensa geografisk område, bruker lukka kommunikasjonssystem.

For å sende meldingar til mange tilsette som er på ulike geografiske stader samtidig, bruker mange bedrifter i dag vanleg mobiltelefon med gruppeanrop. Same melding går då til heile den spesifiserte mottakargruppa.

GPS og flåtestyring

GPS eller Global Positioning System er ikkje eit kommunikasjonssystem, men eit satellittnavigasjonssystem. Systemet er eigd av det amerikanske forsvaret og består av 24 satellittar som går i bane rundt jorda. Kvar satellitt sender heile tida ut signal som er unike for kvar satellitt. Signala blir mottekne av GPS-mottakarar på jorda. Ved hjelp av eit atomur i GPS-mottakaren reknar GPS-mottakaren ut sin eigen posisjon. Føresetnaden for at dette skal vere mogleg, er at GPS-mottakaren har fri sikt til minst tre satellittar.

Ved hjelp av eit kommunikasjonssystem kan posisjonen som GPS-mottakaren registrerer, sendast trådlaust til ei datamaskin. Deretter kan datamaskina plotte posisjonen på eit kart slik at ein trafikkoordinator kan sjå kvar eit køyretøy er. Ved å kople mange bilar opp mot same system får vi eit flåtekøyringssystem som vi kan bruke til å dirigere og overvake trafikk. Innanfor lokale byområde bruker drosjesentralar, bodbilselskap, vaktselskap og byruteselskap lokale basestasjonar til å formidle GPS-koordinatar. Ved datakommunikasjon over lengre avstandar blir ofte GSM-nettet og standarden GPRS brukt.

Læringsressursar

Kommunikasjonsteknologi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs