1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. KommunikasjonsteknologiChevronRight
  4. INCOTERMS 2010ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

INCOTERMS 2010

Her lærer du at seljarar og kjøparar avtaler kven som skal ordne med transport, forsikre vara under transport, betale for transporten og tolldeklarere varene ut frå eksportlandet og inn til importlandet. For dette føremålet bruker partane internasjonale leveringsvilkår. Fleire av leveringsvilkåra pålegg partane å informere kvarandre undervegs.

Seljar og kjøpar avtaler kven som skal ordne med transport ved bruk av INCOTERMS 2010. På figuren har kjøpar og seljar avtalt at
Seljar og kjøpar avtaler kven som skal ordne med transport ved bruk av INCOTERMS 2010. På figuren har kjøpar og seljar avtalt at det er seljaren (leverandøren) som skal ordne med transport.

Kven som har ansvar for å utveksle informasjon under eit internasjonalt transportoppdrag, blir bestemt av seljar og kjøpar.

Det er normalt ein avsendar og ein fraktførar som gjer fraktavtalar. Ved handel mellom næringsdrivande (B2B-handel eller Business-to-Business) avtaler seljar og kjøpar kven som skal ordne med transport. Då bruker dei eit regelsett som vi kallar internasjonale leveringsvilkår eller INCOTERMS (International Commercial Terms). Reglane blei sist oppdaterte i 2010 og heiter derfor INCOTERMS 2010. Du finn mykje informasjon om reglane om du søkjer på Internett med søkjeordet INCOTERMS 2010.

Seljarar og kjøparar av varer kan ut frå INCOTERMS 2010 velje mellom desse elleve leveringsvilkåra:

Leveringsvilkår
EXW + stad EX WORKS
FCA + stad FREE CARRIER
FAS + stad FREE ALONGSIDE SHIP
FOB + stad FREE ON BOARD
CFR + stad COST AND FREIGHT
CIF + stad COST, INSURANCE AND FREIGHT
CPT + stad CARRIAGE PAID TO
CIP + stad CARRIAGE AND INSURANCE PAID TO
DAP + stad DELIVERED AT PLACE
DAT + stad DELIVERED AT TERMINAL
DDP + stad DELIVERED DUTY PAID

Tabell: Internasjonale leveringsvilkår etter INCOTERMS 2010.

Når seljar og kjøpar avtaler å bruke leveringsvilkåret EXW, betyr dette at kjøparen har alt ansvar for å ordne med transport. Seljaren skal berre klargjere vara for henting ved sin eigen fabrikk. Kjøparen må ordne med transport, han må eksport- og importdeklarere varene og forsikre dei under transport. Om ein seljar og ein kjøpar avtaler DDP, gjeld det motsette. Då er det seljaren som har alt ansvar.

Tre av leveringsvilkåra tek til med bokstaven F («hovudtransport ubetalt»). For alle desse gjeld at det er kjøparen som har alt hovudansvaret for transport, og at seljaren skal seie ifrå til kjøparen når varene er klare for henting.

Fire leveringsvilkår tek til med bokstaven C («hovudtransport betalt»). Her må seljaren ordne med transport og betale for han fram til importlandet. Samtidig må seljaren informere kjøparen om tidspunktet godset er framme ved leveringsstaden.

Leveringsvilkår blir også brukt ved innanlands transport. Då fell reglane om kven som har ansvar for tolldeklarering, bort, men resten av reglane gjeld. Leveringsvilkåret for ei sending går fram av felt 27 i innanlandsfraktbrevet. For internasjonale sendingar som skal tolldeklarerast, kjem leveringsvilkåret fram i felt 20 i einingsblanketten.

Læringsressursar

Kommunikasjonsteknologi