1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. KommunikasjonsteknologiChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kommunikasjonsteknologi

Her kan du lese litt om dei partane som kan vere involverte i eit internasjonalt godstransportoppdrag, og litt om kommunikasjonen mellom partane.

Eit internasjonalt godstransportoppdrag krev utveksling av mykje informasjon mellom involverte partar.
Eit internasjonalt godstransportoppdrag krev utveksling av mykje informasjon mellom involverte partar.

Figuren over viser kva for nokre partar som kan vere involverte i eit internasjonalt godstransportoppdrag. Figuren indikerer òg litt av kommunikasjonen eller utvekslinga av informasjon mellom partane. Først gjer seljarane og kjøparane (leverandør og kunde på figuren) ein kjøpsavtale. Då utvekslar dei tilbod, ordre, ordrestadfesting, pakksetel og faktura. Deretter hjelper bankane til seljarane og kjøparane til med betalingstransaksjonane mellom partane.

Etter dette opprettar avsendar eller mottakar ein fraktavtale mellom avsendar, fraktførar og mottakar. Dei avtaler då kva for leveringsvilkår som skal gjelde. Leveringsvilkåra avgjer mellom anna kven som skal ordne med transport. Til slutt skal Tollvesenet ha ein elektronisk utfylt tolldeklarasjon – einingsblanketten ved sal til og frå EU-land. Dette er EU sitt felles tolldokument, som òg blir kalla SAD – Single Administration Document. I tillegg kan det vere nødvendig å kommunisere med eit forsikringsselskap for å forsikre gods under transport.

Kommunisere kjem frå det latinske ordet communicare, som betyr «å gjere felles».

Ved kommunikasjon mellom menneske som står ansikt til ansikt, skil vi mellom verbal kommunikasjon, som er det vi seier, og ikkje-verbal kommunikasjon, som er kroppsspråket vårt. Du har tidlegare lært at den ikkje-verbale kommunikasjonen betyr mykje for korleis vi oppfattar ein bodskap.

Tradisjonelt sett har telekommunikasjonsutstyr vore hjelpemiddel for å formidle munnlege meldingar. I dag kan telefonar formidle både tale- og datameldingar. Når vi bruker utstyret til å formidle munnleg tale, blir kroppsspråket borte, og berre tonefallet kan signalisere kva sinnsstemning du er i. Til dømes kan eit lyst toneleie signalisere at du er glad.

Sender vi SMS eller andre elektroniske datameldingar, blir alt kroppsspråk borte. For å signalisere sinnsstemningar når vi kommuniserer elektronisk, kan vi bruke smileys (til dømes J, L) eller forkortingar (til dømes LOL – «laughing out loud» eller QLT – «kult»). Det kan derfor lønne seg å kjenne til smileys og Internett- og SMS-kodar.

Elektronisk kommunikasjon har i dag teke over mykje av informasjonsutvekslinga mellom handelspartnarar. Dette har ført til at mange har mista oversikta over kva som skal utvekslast, med kven og korleis. Samtidig er mykje av det arbeidet som kan ta sjåføren sin konsentrasjon bort frå trafikkmiljøet, overført til elektronisk kommunikasjon.

Læringsressursar

Kommunikasjonsteknologi