Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. FraktdokumentasjonChevronRight
  4. Papir ved avfallstransportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Papir ved avfallstransport

Her lærer du kva papir som skal følgje internasjonale avfallstransportar, og litt om skiljet mellom avfall og produkt ved eksport av avfall.

Gul søppelbil.foto.
Avfallstransport

Avfall er ikkje ei vare. Derfor gjeld ikkje kjøpslova for avfall og heller ikkje vegfraktlova som regulerer transport av varer (gods) mellom seljarar (avsendarar) og kjøparar (mottakarar). Når varer ikkje har nokon salsverdi, blir varer lett til avfall. Om ingen tek ansvar for avfallet, blir dette etter kvart eit miljøproblem. Derfor har dei fleste land etablert ordningar for å ta hand om avfall på ein forsvarleg måte. I Noreg er det Miljøverndepartementet som har ansvaret for behandlinga av avfall.

Ein internasjonal konvensjon – Baselkonvensjonen – regulerer korleis grensekryssande transport av farleg avfall skal gå føre seg.

Grensekryssande avfall skal deklarerast på særskilde blankettar som du kan få utlevert frå eit avfallsmottak eller laste ned her.

Arbeidet med avfallshandtering har ført til at mange attvinningsbedrifter bruker avfall som innsatsfaktorar i produksjonen sin. Avfall blir dermed ei vare. Sidan det kan vere vanskeleg å skilje mellom kva som er avfall, og kva som er varer ved internasjonal grensekryssande transport, har Miljøverndepartmentet utarbeidd ein rettleiar om "Ulovleg eksport av avfall" . Han skal hjelpe eksportørar til å skilje mellom kva som er tillate og ikkje.

Skilje mellom brukte produkt og avfall

Brukte produkt frå industrialiserte land har blitt meir og meir ettertrakta i utviklingsland. Dette har auka eksporten av blant anna utrangert elektrisk og elektroniske utstyr (EE-avfall) frå Noreg. I tillegg blir bilar og bildelar som ikkje oppfyller standarkrava som styresmaktene set til køyretøy, eksporterte. Det er forbode å eksportere avfall som inneheld farlege stoff, frå rike til fattige land.

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon