1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. FraktdokumentasjonChevronRight
  4. Papir ved spesialtransportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Papir ved spesialtransport

Her lærer du om nødvendige dispensasjonsløyve frå vegstyresmaktene ved spesialtransport.

Spesialtransport
Spesialtransport.

Transport som krev dispensasjonsløyve frå Statens vegvesen

Fraktførarar som skal transportere gods som overskrid maksimal tillaten breidd, lengd, høgd, totalvekt eler aksellast for køyretøyet, må søkje om dispensasjon.

Tillatne maksimale dimensjonar varierer for statlege, fylkeskommunale og kommunale vegar. For å informere om gjeldande reglar har Statens vegvesen gitt ut tre veglister:

Om eit oppdrag krev dispensasjon, må du søkje om det. Statens vegvesen har oppretta ein elektronisk søknadsportal under namnet VegSak. Der kan du søkje om:

  • ein eller fleire spesialtransporter innanfor éin av regionane i Statens vegvesen
  • ein enkelt spesialtransport gjennom fleire regionar med breidd opp til og med 3,25 m
  • ein enkelt spesialtransport gjennom fleire regionar med lengd opp til og med 20 m for semitrailer

Søknaden om dispensasjon må sendast seinast tre virkedagar før transporten skal gå føre seg. Ved søknad om andre spesialtransportar er det best å kontakte Statens vegvesen direkte. Løyve til spesialtransport må du ha med under transporten.

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs