1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. FraktdokumentasjonChevronRight
  4. TollpapirChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tollpapir

Her lærer du hvilke papirer du må vise tollmyndighetene ved grensepassering.

Toll
Toll

Tollpapir

Transitteringskonvensjonen fastset reglar for vareflyten mellom nasjonar innanfor EU-/EØS-området.

Varer som fullstendig har opphav i EU-/EØS-området, skal deklarerast etter ein tollprosedyre som Tollvesenet kallar T2. For slike varer gjeld full tollfridom mellom nasjonane. For varer som ikkje har opphav i EU-/EØS-området, skal prosedyren T1 brukast. For slike varer skal det betalast toll.

Ved avgang frå ein avgangstollstad i eit eksportland tildeler tollstyresmaktene eit transitteringsnummer til sendingane. Dette nummeret skal visast fram ved kvar grensepassering. Innkomsttollstaden i importlandet melder tilbake til avgangstollstaden i eksportlandet når transitteringa (overføringa av varer frå eksport- til importlandet) er fullført. Meldingane skjer elektronisk gjennom TET/NCTS, det vil seie via Tollvesenets elektroniske transitteringssystem.

Grensepasseringsattest
Grensepasseringsattest

Avgangstollstaden kan utferde ein grensepasseringsattest som styrer transportmiddelet via bestemte grensepasseringar gjennom fleire transittland (gjennomkøyringsland) fram til innkomsttollstaden. I så fall skal grensepasseringsattesten visast fram ved kvar grensepassering. I tillegg kan den som tolldeklarerer, angi planlagde grensepasseringsstader i rubrikk 51 i einingsblanketten.

Ved eksport og import mellom EU-/EØS-området og land utanfor EU-EØS-området gjeld andre tollpapir enn einingsblanketten. Kva papir som gjeld, kjem fram av bilaterale handelsavtalar mellom landa som er involverte.

Ved transport utanom EU-/EØS-området er TIR-konvensjonen eit alternativ. Denne tollkonvensjonen er framforhandla av FN. Du kan lese meir om TIR-konvensjonen på IRUs heimesider. I staden for å fylle ut ein einingsblankett fyller partane ut eit TIR-carnet. Dokumentet får dei ved å kontakte Norges Lastebileier-forbund.

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs