Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. FraktdokumentasjonChevronRight
  4. Fellesskapsløyve og CEMT-løyveChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fellesskapsløyve og CEMT-løyve

På same måten som gyldig sertifikat og yrkessjåførbevis er nødvendige for føraren, er gyldig fellesskapsløyve nødvendig for transportverksemder som driv yrkestransport i EU-/EØS-området.

EU-/EØS-/EFTA-området.
EU-/EØS-/EFTA-området.

Fellesskapsløyve

Alle som driv yrkestransport med gods innanfor EØS-området, må – etter handelsavtalen (EØS-avtalen) som Noreg har inngått med EU – ha fellesskapsløyve. Kopi av fellesskapsløyvet skal liggje i køyretøyet under transport. Handelsavtalen gir norske transportørar rett til

  • transport mellom Noreg og eit land innanfor EU-/EØS-området
  • transport av gods i transitt gjennom eit EU-/EØS-land
  • mellombels kabotasje (transport av gods i eit anna EU-/EØS-land)

I tabellen kan du sjå kva land som høyrer med i EU-, EØS- og EFTA-området:

Farge Handelsunion Handelsavtalar Land
Raudt EU Belgia, Frankrike, Tyskland, Italia, Luxemburg, Nederland, Danmark, Irland, Storbritannia, Hellas, Portugal, Spania, Austerrike, Finland, Sverige, Kypros, Tsjekkia, Estland, Ungarn, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Slovakia, Slovenia, Bulgaria, Romania
Gult EØS Noreg, Island og Liechtenstein
Turkis EFTA Sveits

CEMT-løyve

Eit fellesskapsløyve er ikkje alltid nok. Om du skal høyre til og frå eit land utanom EU-/EØS-/EFTA-området, må du ha eit CEMT-løyve frå eit land som er medlem av den europeiske transportministerkonferansen, eller ITF, som dette internasjonale samarbeidsorganet heiter no. CEMT-løyve får du frå Statens vegvesen når du treng det.

Døme

Om ein norsk sjåfør skal køyre frå Kirkenes til Russland, må sjåføren ha med seg eit CEMT-løyve. Grunnen er at Russland ikkje er medlem av EU, samtidig som både Noreg og Russland er medlemmer av ITF. Du finn ei oversikt over landa som er medlemmer av ITF her.

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs