1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. FraktdokumentasjonChevronRight
  4. Utfylling av CMR-fraktbrevetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utfylling av CMR-fraktbrevet

Her lærer du å fylle ut eit CMR-fraktbrev. Eit fraktbrevformular som du kan fylle ut elektronisk, finn du nedanfor.

Rubrikk nr. Forklarande tekst til rubrikkane i CMR-fraktbrevet)
1 Her fyller du inn namn og adresse på avsendaren. Hugs å ta med land i adressa.
2 Her fyller du inn namn og adresse på mottakaren. Hugs å ta med land i adressa. Dersom leveringsadressa er ei anna enn adressa til mottakaren, fyller du også inn denne.
3 Noter stad og dato for overtaking av godset.
4 Noter utleveringsstaden.
5 Skriv korleis godset er merkt.
6–8 For kvart vareslag: tal på kolli
9 Mål i dm3 (lengd x breidd x høgd for volumgods)
10 Bruttovekt i kg per varelinje
11 a og b Instruks som avsendar gir om tollbehandling (leveringsvilkår som er opplyst i felt 51 i tolldeklarasjonsblanketten, bestemmer om det er avsendar (seljar) eller mottakar (kjøpar) som har ansvar for fortolling).
11 c Informasjon om kven som skal betale for kostnader i samband med transporten (frakt, tilleggskostnader, tollavgifter og andre kostnader som kjem til i tida frå fraktavtalen blei gjord, til godset er utlevert).
12 Når gods blir transportert i samsvar med andre transportavtalar enn CMR-konvensjonen, skal dette opplysast om her. Til dømes kan det stå TIR i rubrikken.
13 Eventuelle atterhald og andre særlege vilkår som fraktføraren stiller for å ta på seg fraktoppdraget. Ved transport av farleg gods noterer ein at transportuhellskort er med som vedlegg til fraktbrevet.
14 Fraktbeløp og tillegg som skal betalast av avsendar og mottakar, og valutakurs for omrekning. Eventuelle frådrag som skal godskrivast avsendar eller mottakar, og valutakurs for omrekning. Etterkravsbeløp dersom mottakar skal betale frakt. Andre kostnader som partane skal betale. Gi til slutt opp totalbeløp.
15 Namn på fraktføraren
16 Dato og stad for utfylling av fraktbrevet, underskrive av avsendar.
18 Dato og stad for utfylling av fraktbrevet, underskrive av fraktførar.
19 Ved utlevering av godset til mottakar skal mottakar kvittere og gi opp dato.

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs