Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. FraktdokumentasjonChevronRight
  4. CMR-fraktbrevChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

CMR-fraktbrev

Her lærer du kva krav lova stiller til internasjonale vegfraktavtalar.

"Lady justice" som holder en vekt, paragraf i forgrunn. Foto.
Lovparagraf

Basert på CMR-konvensjonen har den internasjonale vegtransportunionen (IRU – International Road Transport Union) utarbeidd eit fraktbrevformular. Fraktbrevet har 18 felt og dekkjer den obligatoriske informasjonen som eit internasjonalt bilfraktbrev skal ha.

CMR-fraktbrev
CMR-fraktbrev.

CMR-konvensjonen blei gjord til norsk lov i 1969 og er innarbeidd i vegfraktlova. Vi finn reglane om kva eit internasjonalt bilfraktbrev skal innehalde, i § 10 i vegfraktlova.

Vegfraktlova § 10. Ved internasjonal framsending skal fraktbrevet innehalde følgjande opplysningar: CMR-fraktbrevrubrikk
a) stad og dag for utferding 16
b) namn og adresse på avsendaren 1, 16
c) namn og adresse på fraktføraren 15, 17
d) stad og dag for overtaking av godset, og mottakarstad 3
e) namn og adresse på mottakaren 2, 18
f) den vanlege nemninga på godset og pakningsmåten, ved farleg gods den alminneleg godtekne nemninga 6–8
g) tal på kolli, med særskilde merke og nummer 5
h) bruttovekta til godset eller mengda gitt på annan måte 9, 10
i) kostnader knytt til framsendinga (frakt, tilleggskostnader, tollavgifter og andre kostnader som kjem til i tida frå avtalen blei gjord, til utleveringa) 14
j) nødvendige instruksar som gjeld tollbehandling og andre formalitetar 11
k) erklæring om at framsendinga – uansett kva annan avtale som er gjord – kjem inn under konvensjonen (jf. § 1) eller lov som er i samsvar med konvensjonen 12
Når det er nødvendig, skal fraktbrevet også gi opplysningar om:
a) forbod mot omlasting
b) dei kostnader avsendaren tek på seg å betale
c) etterkravsbeløp som skal innkrevjast ved utleveringa
d) opplyst verdi av godset og det beløpet som særleg utleveringsinteresse utgjer, jf. §§ 33 og 35 andre ledd
e) instruksar frå avsendaren til fraktføraren om forsikring av godset
f) avtalt tidsfrist for å fullføre framsendinga
g) oversikt over dei dokumenta som fraktføraren får hand om
Partane kan ta inn i fraktbrevet andre opplysningar som dei meiner er påkravde.

Her er det viktig at du sjekkar at du utleverer godset til riktig mottakar.

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs