Her lærer du kva krav lova stiller til transportavtalar ved innanlands frakt.

Vegfraktlova inneheld formkrav for innanlandske fraktavtalar. Men partane kan avtale at dei ikkje skal bruke fraktbrev dersom avsendar og fraktførar er samde om det.
Utferdigelse av fraktbrev
§ 7. Ved internasjonal befordring skal fraktavtalen bekreftes ved fraktbrev. Det samme gjelder ved innenriks befordring, med mindre avsender og fraktfører er enige om å unnlate det eller det medfører særlig ulempe eller ikke er vanlig ved den slags befordring det gjelder.
Dette skjer helst i situasjonar der kjøparar og seljarar samarbeider tett med ein hovudtransportør. Partane kan då avtale at dei berre skal bruke eit utleveringsformular der mottakaren kvitterer for mottak av sendingar. All informasjon ligg jo lagra elektronisk hos transportøren når sendinga blir registrert første gongen.
Vi finn reglane om kva opplysningar som er obligatoriske når ein gjer fraktavtalar for innanlands transport, i vegfraktlova § 9.
Følgjande felt er obligatoriske og skal alltid vere fylte ut i eit fraktbrev:
Vegfraktlova § 9 | Fraktbrevrubrikk |
a) namn og adresse på avsendaren | 1 |
b) namn og adresse på fraktføraren | 10, 42 og 43 |
c) stad og dag for overtaking av godset, og mottakarstad | 6, 7, 8, 9 og 17 |
d) namn og adresse på mottakaren | 4 og 5 |
e) tal på kolli, med særskilde merke og nummer eller ei tilsvarande skildring av godset | 33, 34, 35 |
f) bruttovekt på godset eller mengda oppgitt på annan måte, og | 36 eller 37 for målegods (volumgods) |
g) ved farleg gods den alminneleg godtekne nemninga | Fylles ut i samsvar med ADR/RID margnr. 5.4.1.1. |
Både avsendaren og fraktføraren kan krevje at ein tek med i fraktbrevet andre opplysningar som nemnde i § 10 første ledd bokstav a–j eller andre ledd. Når dei er samde om det, kan dei ta inn i fraktbrevet andre opplysningar som dei meiner er påkravd. |
For sendingar der minst ein av partane krev at det blir oppretta ein fraktavtale, har norske transportørar blitt samde om å bruke eit felles fraktbrevformular. Innanlandsfraktbrevet inneheld i alt 42 felt. Somme er obligatoriske og skal alltid vere utfylte, andre kan partane ta i bruk etter behov. I tillegg inneheld fellesfraktbrevet eit unikt fraktbrevnummer med strekkode som høyrer til.
Kjøparar og seljarar avtaler fritt med kvarandre kven som skal ordne med transport. Då bruker dei internasjonale leveringsvilkår (INCOTERMS 2010). Legg merke til at fraktbrev må fyllast ut dersom seljar og kjøpar avtaler at det er mottakaren som skal ordne med transport. Dette gjeld når seljar og kjøpar avtaler eitt av følgjande leveringsvilkår i INCOTERMS 2010: EXW, FCA, FAS eller FOB (jf. felt 27 i fellesfraktbrevet).
Ved hjelp av fraktbrevnummeret kan vi spore ei sending. Når vi registrerer sendinga, «skyter» vi strekkoden for sendingsnummeret på fraktbrevet. Kvar gong ei sending blir overført frå ein terminal til ein transportør og omvendt, «skyt» vi sendingsnummeret på nytt. Dermed blir det mogleg å sjå når sendingsnummeret sist blei lese. Slik kan alle som kjenner sendingsnummeret (sporingsnummeret), spore sendingar.
Læringsressursar
Fraktdokumentasjon
Fagstoff
- Kjernestoff
Innanlands fraktbrevDu er her
Utfylling av innanlandsfraktbrevet
KjernestoffCMR-fraktbrev
KjernestoffUtfylling av CMR-fraktbrevet
KjernestoffATP-godkjenningsbevis
KjernestoffFellesskapsløyve og CEMT-løyve
KjernestoffKabotasjeløyve
KjernestoffADR-dokument ved vegtransport
KjernestoffTollpapir
KjernestoffSkademeldingspapir
KjernestoffPapir ved spesialtransport
KjernestoffPapir ved avfallstransport
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Fraktdokumentasjon
KjernestoffFraktbrev
Kjernestoff
Vurderingsressurs
Fraktdokumentasjon - kva har du lært?
Kjernestoff