1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. FraktdokumentasjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Fraktdokumentasjon

Mange papir skal følgje med ved ulike godstransportoppdrag. Her lærer du om dei. Somme kjem du borti dagleg, andre sjeldan.

Fingrer som skriver med penn. foto.

Tabellen nedanfor viser dokument du kan møte i ulike situasjonar der du transporterer gods. Du kan også måtte transportere avfall. Då gjeld andre dokument enn dei vi bruker når vi transporterer varer.

Dokument ved godstransport Transporttype
Innanlands fraktbrev Nasjonalt gods
CMR-fraktbrev Internasjonalt gods
ATP-godkjenningsbevis Lett bedervelege matvarer
Fellesskapsløyve Yrkestransport i EØS-området
CEMT-løyve Yrkestransport utanom EØS-området
Kabotasjeløyve Yrkestransport som i heilskap skjer i eit anna land
ADR-dokumentasjon Transport av farleg gods
Tollpapir Transport av gods inn og ut av Noreg
Skademelding ved forsikringsskade på gods Skade på nasjonalt eller internasjonalt gods
Spesialtransport Transport som krev særskild dispensasjon frå vegstyresmaktene
Internasjonal transport av avfall Blankettar ved internasjonal avfallstransport

Utviklinga har ført til at dei fleste dokument i dag blir utveksla elektronisk av spesielt utdanna personell. Når gods blir utlevert, må den som leverer ut godset, stort sett berre sørgje for at mottakaren kvitterer.

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon