1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. TransportoppdragChevronRight
  4. Omgrep innan transportfagChevronRight
  5. Ordbok over transportfaglege omgrepChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ordbok over transportfaglege omgrep

Her lærer du mange transportfaglige begreper ved hjelp av en ordbok utformet i et Excel-regneark.

Elektronisk tavle med ruteinformasjon.foto.

Her finn du eit Excel-rekneark med cirka 250 ulike transportfaglege omgrep. Lista skal du sjølv sortere i ulike kategoriar eller etter transportform ved hjelp av kodane i reknearket. Deretter skal du lære deg omgrepa innanfor kvar kategori.

Filer

Reknearket inneheld transportfaglege omgrep fordelt på desse 18 kategoriane:

Kategori nummerKategori
1Sjøtransport
2Vegtransport
3Banetransport
4Lufttransport
5Organisasjonar
6Køyretøytekniske omgrep
7Omgrep ved tele- og datakommunikasjon
8Omgrep ved utveksling av elektronisk informasjon
9Omgrep på godsterminalar
10Omgrep på passasjerterminalar
11Omgrep på grossistterminalar
12Omgrep ved tollklarering
13Omgrep ved forsikring
14Omgrep ved avfallsbehandling
15Omgrep ved vareproduksjon
16Lovverk
17Avtaleverk
18Generelle omgrep

Tabell: Transportfaglege omgrep fordelt på ulike transportmiljø.

Mange av omgrepa blir brukte på tvers av dei ulike transportformene. Ved hjelp av kodane kan du sjølv sortere omgrepa i reknearket. Då ser du kva for omgrep som blir brukte for kvar transportform og på tvers av transportformene. Ved å gjere dette lærer du samstundes omgrepa og kvar dei ulike omgrepa blir brukte i transport- og logistikkbransjen.

Du sorterer data i eit Excel-rekneark ved å merkje dataområdet du vil sortere. Deretter vel du arkfana «Data». Då får du opp ei ny arkfane, der du vel «Sortere». Deretter vel du kva for kolonne du ønskjer å sortere dataa etter. Om du vel å sortere etter kolonne B i reknearket, får du opp vanlege transportfaglege omgrep innan sjøtransport. Sortering etter kolonne C gir omgrep innanfor vegtransport, og så vidare.

Ta vare på reknearket, og oppdater og utvid det etter kvart som du treffer på nye ord som ikkje står i lista.

Læringsressursar

Omgrep innan transportfag

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs