1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. TransportoppdragChevronRight
  4. Omgrep innan transportfagChevronRight
  5. Ulike omgrep som betyr det same ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike omgrep som betyr det same

Her lærer du nokre ulike omgrep som betyr det same, men som stammar frå ulike transportmiljø.

Varelager. foto.
Volumlager

Grovt kan vi seie at vi har to transportfaglege tradisjonar:

  • éin nasjonal tradisjon
  • éin internasjonal tradisjon

Den nasjonale tradisjonen har vakse fram i takt med introduksjonen av bilen, som i byrjinga blei brukt som transportmiddel over korte og seinare mellomlange reiser.

Den internasjonale terminologien har vakse fram gjennom samhandel mellom nasjonar. Det dominerande språket i internasjonal transport og varehandel har vore engelsk, men vi finn også lånord frå andre språk.

Stöd, stödlager, støyt, støytlager, støttelager eller overstock – kva skal vi bruke?

Eit døme er ordet «støytlager» eller berre «støyt», som vi har fått frå svensk. Norske logistikkoperatørar seier ofte at dei skal plassere varer på «støyt». Då meiner dei at dei skal lagre varer på eit volumlager i staden for på eit plukklager. Det svenske ordet for støtte er «stöd». Eigentleg skulle vi derfor ha sagt «støttelager», men her har bransjen teke til seg ordet «stöd» og gjort det om til «støyt», slik at vi på norsk har fått omgrepet støytlager (som ikkje er like sjølvforklarande som det svenske omgrepet). På engelsk bruker vi omgrepet «overstock» (stock = «lager»).

Crossdocking eller kryssdokking

Eit anna døme er ordet «crossdocking», som vi har frå engelsk. Språkrådet forsøkte i si tid å innføre «kryssdokking» som norsk nemning, men lykkast ikkje med det.

Termokonteinar og reefercontainer

Ved landtransport nemner omgrepet «termokonteinar» ein konteinar for temperaturregulert gods. Temperaturregulert gods har vore transportert internasjonalt over lang tid med engelsk som det dominerande språket. Derfor heiter ein termokonteinar i internasjonal transport «reefercontainer». Slik finn vi mange ulike omgrep med same betydning i transportbransjen. Dette gjer at det ikkje alltid er like lett å forstå omgrepa.

Konteinar eller vekselbehaldar

Posten lastar post i konteinarar og køyrer desse med bil til NSB. Der blir konteinarane løfta over på godstog og seinare tilbake på bil for å bli transporterte til mottakarterminalane. Posten kallar konteinarane sine for vekselbehaldarar fordi dei vekslar mellom bil og bane. Elles kallar vi dette for kombitransport eller intermodal transport.

Posten laster post i konteinere og kjører disse med bil til NSB.
Posten laster post i konteinere og kjører disse med bil til NSB.

Læringsressursar

Omgrep innan transportfag

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs