Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Tekniske og servicerelaterte hjelpemiddelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bruk av tekniske hjelpemiddel under transport

Her lærer du at du bør vere observant og bruke dei tekniske hjelpemidla du sjølv har kontroll over, i situasjonar som krev det.

Betalingsterminal i buss. foto.

Når du tek ut vogna, må du klargjere billettmaskina. Dette gjer du ved å logge deg inn etter gjeldande prosedyre. Om du køyrer lengre ruter, må du i tillegg logge deg inn på fartsskrivaren til køyretøyet ved hjelp av sjåførkortet.

Under køyring må du ha blikket festa på trafikken. Du kan også måtte informere passasjerar undervegs ved å bruke mikrofonen. Du skal vente med å informere til du kjem ut av sterkt trafikkerte gater. Om du veit at du nærmar deg eit tett trafikkert område, bør du informere i god tid før det skjer. Ved køyring inn mot enkelte større terminalar, til dømes Oslo bussterminal i Galleri Oslo, skal du ringje trafikkadministrasjonen på avtalt nummer for å få tildelt innkomstplattform.

Når passasjerar stig på, skal du billettere og hjelpe passasjerar som treng det, med bagasjehandtering og ombordstiging. Når mindreårige barn kjem på, bør du notere telefonnummeret til dei føresette ved avgangs- og innkomsthaldeplassen, slik at dei kan varslast dersom ingen ventar på barnet når det kjem fram til reisemålet sitt.

Du skal tilby deg å hjelpe passasjerar med spesielle behov (blinde og svaksynte, døve, eldre, personar som bruker krykker, rullestolbrukarar, passasjerar med barnevogn), og du skal respektere dei om dei ønskjer å klare seg sjølve.

Når turen er slutt, skal du gå gjennom bussen og sjekke om nokon har gløymt att noko. Når du finn hittegods, skal du behandle dette i samsvar med lov om hittegods. Du merkjer godset med funnstad, dato og tidspunkt før du signerer. Deretter leverer du hittegodset til trafikkadministrasjonen på avtalt stad. Mange kollektivselskap har eigne lappar for merking av hittegods. Sørg i så fall for at du har med deg slike.

Symbol for barnevogn og rullestol

Læringsressursar

Tekniske og servicerelaterte hjelpemiddel

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs