Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Verdikjede og vareflytChevronRight
  4. Vareflyt for ein råvareprodusentChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vareflyt for ein råvareprodusent

Råvareprodusentar hentar råvarene sine direkte frå naturen. Vareflyten for ein råvareprodusent varierer med råvara.

Figuren viser korleis all vareproduksjon startar i primærnæringane.
Figuren viser korleis all vareproduksjon startar i primærnæringane.

Ein produsent av tømmer startar med å avverke tømmerstokkar i skogen om vinteren. Tømmerstokkane blir frakta på skogsvegar fram til lunneplassar, dei blir lasta på store tømmerbilar. Bilane fraktar tømmerstokkane til industrielle vareprodusentar som bruker tømmer som innsatsfaktor.

Døme på bedrifter som kjøper tømmer, er sagbruk og cellulosefabrikkar.

Jordbruksnæringa produserer vegetabilske og animalske produkt (frukt-, grønt- og kjøtprodukt). Jordbruksvarene går til matvareindustribedrifter som produserer mange ulike typar ferdigvarer.

Gruvedrift og oljeutvinning er utvinningsnæringar. Frå gruvedrifta blir det levert malm til metallindustrien, som rikar opp malmen til metall. Råolje blir levert som råstoff til oljeraffineri.

Fiske- og fangstnæringane leverer råvarer til fiske- og kjøtindustribedrifter som tilverkar mange ulike ferdigprodukt av råvarene.

Fiskerinæringen leverer råvarer til fiskeindustrien
Fiskerinæringa leverer råvarer til fiskeindustrien.

Læringsressursar

Verdikjede og vareflyt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs