1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PrisingChevronRight
  4. Døme på bidragskalkyleChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Døme på bidragskalkyle

Her lærer du å kalkulere eit transportoppdrag ved hjelp av ein bidragskalkyle. Dette bør du sjå i samanheng med dømet på ein sjølvkostkalkyle.

Regnskapsark, briller og penn.foto.

Som nemnt over må du sjå dette i samanheng med dømet på ein sjølvkostkalkyle. Vi bruker tala derfrå. Sjå lenkja i margen.

Ein kunde ringjer og bed om pris på eit godstransportoppdrag på 100 km. Kunden har fått ein pris på 1400 kr inklusiv meirverdiavgift frå ein av konkurrentane dine og vil no ha eit pristilbod frå deg.

Frå sjølvkostkalkylen veit vi at vi har følgjande kostnader per kilometer:

Kostnader per km inklusiv meirverdiavgiftKr
Variable kostnader per kilometer inklusiv meirverdiavgift9,88
Faste kostnader per kilometer inklusiv meirverdiavgift5,72
Totale kostnader per kilometer inklusiv meirverdiavgift15,60

Tabell: Einingskostnader inklusiv meirverdiavgift

Du veit med det at dei variable kostnadene dine for å køyre 100 km blir

9,88 kr x 100 = 988 kr

Du veit også at dei totale kostnadene dine ved å påta deg oppdraget blir

15,60 kr x 100 = 1560 kr

Samstundes veit du at du har ledig kapasitet på bilen på det tidspunktet oppdraget skal vere.

Her fekk du vite kva pris konkurrenten har gitt. Det får du sjeldan i praksis. Om du tek på deg oppdraget til ein pris av 1350 kr, veit du at du får dekt alle dei variable kostnadene dine ved oppdraget, fordi desse berre utgjer 988 kr. Samstundes får du dekt

1350 kr – 988 kr = 362 kr

av dei faste kostnadene dine. Du får ikkje dekt alle dei faste kostnadene dine, og du få heller inga forteneste. Likevel kan det vere klokt å få dekt ein del av dei faste kostnadene i staden for ingenting. Oppdraget gir trass alt eit dekningsbidrag på 362 kr, det vil seie prisen du tilbyd (marknadsprisen), minus dei variable kostnadene dine.

Lenkje til fagartikkel

Døme på ein sjølvkostkalkyle

Læringsressursar

Prising

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs