1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PrisingChevronRight
  4. BidragskalkyleChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bidragskalkyle

Her lærer du korleis du kan prissetje eit transportoppdrag om du har konkurrentar.

Kvinne som tar notater på pc.Foto.
Ofte er det betre å prise eit oppdrag slik at vi får dekt ein del av dei faste kostnadene våre, enn å ikkje få dekt noko i det heile

I ein konkurranseutsett marknad er det ofte slik at vi ikkje er konkurransedyktige i situasjonar der vi har ledig kapasitet til nye oppdrag. Då kan det vere betre å prise eit transportoppdrag slik at vi får dekte ein del av dei faste kostnadene våre, enn å ikkje få dekt noko i det heile.

Vi må likevel aldri setje prisen vår så lågt at vi ikkje får dekt dei variable kostnadene. Då pådreg vi oss tap. Om marknadsprisen er høgare enn dei variable kostnadene våre, kan vi vurdere å gi eit pristilbod. For å finne ut om vi bør gjere dette, set vi opp ein bidragskalkyle.

Vi reknar først ut dei variable kostnadene ved å ta på oss oppdraget. Så ser vi om marknadsprisen er høgare enn dei variable kostnadene. Om det er tilfellet, kan vi få dekt ein del av dei faste kostnadene ved å ta på oss oppdraget.

Marknadspris
Variable kostnader
=Dekningsbidrag

Tabell: Bidragskalkyle

I situasjonar der ei bedrift ønskjer å konkurrere om eit oppdrag for å komme inn på ein ny marknad eller vinne ein ny kunde, kan denne måten å prissetje eit transportoppdrag på vere eit alternativ. Vi bør likevel vere atterhaldne med å prissetje på denne måten. På sikt kan slik prising føre til at vi ikkje får dekt dei faste kostnadene våre.

Læringsressursar

Prising

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs