1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PrisingChevronRight
  4. Prising av heil konteinarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Prising av heil konteinar

Her lærer du om prising av heile konteinarar.

En konteiner blir lastet på en trailer.
En konteiner blir lastet på en trailer.

Transportkjøparar som kjøper konteinartransportar, legg beslag på heile transportkapasiteten til transportøren for kvart enkelt oppdrag. Då kan ikkje transportøren fordele kostnadene på mange transportkjøparar. For å prissetje eit konteinaroppdrag må transportøren kalkulere kostnadene sine. Dette kan gjerast ved hjelp av ein sjølvkostkalkyle. Då reknar vi ut summen av faste og variable kostnader og legg til ei forteneste.

Faste kostnader (lønn og sosiale kostnader, forsikring, årsavgift, vektårsavgift, renter og avdrag, avskrivingar)
+Variable kostnader (diesel, gummi, olje, service)
+Forteneste
=Pris

Tabell: Sjølvkostkalkyle

Faste kostnader er kostnader som transportøren ikkje kan kvitte seg med på kort sikt. Døme er kostnader til bygningar, maskiner, forsikringar og lønn til tilsette. Variable kostnader er kostnader som kjem i tillegg for kvart oppdrag eit transportselskap tek på seg, til dømes drivstoffutgifter, dekkslitasje, vedlikehaldsutgifter og utgifter til reingjering med meir. Her er det viktig å få med alle konstnadskomponentane. I tillegg kan det vere slik at eit enkeltoppdrag medfører særkostnader (ferje-, bru- eller bompengar).

For å kunne kalkulere eit oppdrag må vi rekne ut kostnadene per kilometer. Når vi kjenner lengda av eit nytt oppdrag, treng vi berre å multiplisere kilometerkostnaden med lengda i kilometer. Vi seier at vi ønskjer å finn faste og variable einingskostnader. Faste einingskostnader finn vi ved å ta faste årlege kostnader og dele på årleg utkøyrd distanse per bil.

Dømet nedanfor viser at årleg utkøyrd distanse per bil verkar inn på dei faste einingskostnadene sterkt. For å få ein riktig kalkyle må vi derfor anslå årleg utkøyrd distanse per bil så godt det lèt seg gjere. Elles kan kalkylen vår bli feil.

Sum faste kostnader per år (kr)
Årleg køyrelengd per bil (km)
Faste einingskostnader per bil (kr)
900 00020 00045,00
900 00040 00022,50
900 00060 00015,00
900 00080 00011,25
900 000100 0009,00

Tabell: Faste einingskostnader som funksjon av årleg utkøyrd distanse

Slik kan faste einingskostnader som funksjon av årleg utkøyrd distanse framstillast grafisk.
Slik kan faste einingskostnader som funksjon av årleg utkøyrd distanse framstillast grafisk.

Variable einingskostnader må transportørane rekne seg fram til ved hjelp av sine eigne rekneskapstal – drivstoffkostnader per kilometer er til dømes avhengig av motorkraft.

Læringsressursar

Prising

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs