1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. TransportøkonomiChevronRight
  4. Økonomisk ansvar ved situasjonar transportøren ikkje kontrollererChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Økonomisk ansvar ved situasjonar transportøren ikkje kontrollerer

Her lærer du kva type situasjonar transportselskap har økonomisk ansvar for, og kva dei ikkje er ansvarlege for.

Kofferter i bagasjerommet på en buss. foto.
Om ein koffert blir borte frå bagasjerommet på bussen på ein rutetur, er busselskapet ikkje erstatningspliktig.

Ulike situasjonar som transportøren ikkje kan kontrollere, kan oppstå under eit transportoppdrag. Det normale når slike situasjonar oppstår, er at transportøren ikkje har økonomisk ansvar for passasjerar eller gods ut over sjølve transportformidlinga. Transportansvaret dreier seg berre om å frakte gods eller passasjar frå A til B ifølgje ein transportavtale.

Ansvarsreglar ved transportoppdrag

Transportørar opplever jamleg stengde vegar som følgje av for eksempel flaum, ras eller store snømengder. Dette er hendingar som transportørane ikkje kan kontrollere, og som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot. Transportørane er derfor heller ikkje ansvarlege for dei meirkostnadene som oppstår for passasjerar og gods ved slike hendingar. Denne typen hendingar kallar vi force majeure–hendingar.

Ein del transportørar tar likevel eit visst økonomisk ansvar for å unngå negative reaksjonar frå passasjerane som blir ramma. Om du kjem ut for slike situasjonar, må du følgje gjeldande praksis i ditt eige selskap.

Transportselskapa presiserer ofte ansvaret sitt i transportvilkåra sine. Her står det alltid at selskapa ikkje har ansvar for fraktfri handbagasje som blir borte eller skadd. Om ein koffert blir borte frå bagasjerommet på bussen på ein rutetur, er busselskapet ikkje erstatningspliktig. Dersom passasjeren har teikna reiseforsikring, vil forsikringa kunne dekkje heile eller delar av tapet.

Ein transportør har alltid ansvar for å dra omsorgfor godset han transporterer. Dette tyder at sjølv om force majeure–hendingar skjer, vil sjåføren måtte gjere det som er mogleg for å unngå at lasten blir tapt. Vi finn desse reglane i vegfraktlova § 22, 23 og 25.

Transportørar må erstatte tapt eller skadd innanriks gods med vareverdien, men maksimalt 17 SDR per kg bruttovekt tapt eller skadd gods. Verdien av 1 SDR finn du her. For internasjonalt gods gjeld ei maksimal erstatningsgrense på 8,33 SR per kg bruttovekt tapt eller skadd gods.

En slik hendelse ligger utenfor transportørens kontroll.
En slik hendelse ligger utenfor transportørens kontroll.

Læringsressursar

Transportøkonomi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs