1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. TransportøkonomiChevronRight
  4. Påverknad av variable kostnader gjennom køyrestilChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Påverknad av variable kostnader gjennom køyrestil

Her lærer du at du kan påverke drivstoff-forbruket på eit tungt køyretøy kraftig gjennom ein økonomisk køyrestil.

Vel riktig gir inn i bakken slik at du unngår nedgiring.
Vel riktig gir inn i bakken slik at du unngår nedgiring.

Drivstoffkostnadene inngår som ein variabel kostnad både ved sjølvkostkalkylar og bidragskalkylar. For å kunne konkurrere er det derfor viktig å halde desse kostnadene så låge som mogleg. Dette gjer vi dels gjennom eit godt førebyggjande vedlikehald, dels gjennom god planlegging av oppdraga og dels gjennom ein drivstofføkonomisk køyrestil. Fleire forsøk har vist at ein sjåfør lett kan redusere drivstoff-forbruket med 20% ved å planleggje oppdraga og køyre drivstofføkonomisk.

Også køyretøyprodusentar deltar i arbeidet med drivstofføkonomisk køyring. Køyretøyprodusenten Volvo har publisertnokre reglar de planlegg å leggje inn i køyretøyelektronikken frå 2013. Systemet er basert på å hugse tidlegare køyrestrekningar, og tilpassar gradvis styringssystem til bilen. Resultatet blir blant anna at køyretøyet automatisk

  • akselererer før stigning i bakkar
  • vel riktig gir inn i ein bakke slik at nedgiring ikkje blir nødvendig
  • unngår å akselerere nær toppen av ein bakke, men ventar heller på å utnytte tyngdekrafta til å trille ned
  • koplar inn eit gir for å bremse i nedoverbakke
  • koplar giret i fri når ein bakke flatar ut, for å utnytte gravitasjonskrafta best mogleg

Sjølvsagt vil det vere slik at sjåføren til kvar tid kan overstyre elektronikken ved manuell betening av instrumenta til køyretøyet. Med denne planlagde elektroniske styringa reknar ein med å redusere drivstoff-forbruket med 5%. I tillegg kan vi sjølv bidra til ytterlegare drivstoffreduksjon gjennom måten vi køyrer på.

Læringsressursar

Transportøkonomi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs