1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. TransportøkonomiChevronRight
  4. Val av kalkyleform når ein inngår transportoppdragChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Val av kalkyleform når ein inngår transportoppdrag

Her lærer du litt om kalkulering og kor viktig det er å prise eit transportoppdrag riktig. Går du inn på lenkjene ”Sjølvkostkalkyle” og ”Bildragskalkyle”, kan du lære meir om desse to kalkulasjonsmetodane.

Rød ring rundt tall i regnskap. foto.

Alle transportbedrifter må gå med overskot over tid. Som regel er oppdraga forskjellige, derfor må bedriftene kunne kalkulere kostnadene for kvart oppdrag dei tar på seg. Samtidig må dei ha kontroll over at oppdraga til saman gir eit overskot.

Ein kalkyle er eit kostnadsoverslag. For å få eit overslag over kostnadene ved eit transportoppdrag gjennomfører vi anten ein sjølvkostkalkyle eller ein bidragskalkyle (sjå lenkjene i margen). I sjølvkostkalkylen tar vi med alle faste og variable kostnader og plussar på ei forteneste for å komme fram til prisen vi skal ta.

Konkurransen i transportmarknaden er hard, derfor må vi av og til bruke ein bidragskalkyle i staden for ein sjølvkostkalkyle. Då reknar vi ut dei variable kostnadene vi pådreg oss ved å ta på oss eit transportoppdrag. Så anslår vi marknadsprisen for oppdraget ut frå konkurransesituasjonen. Differansen mellom dei variable kostnadene og den prisen vi vel å ta, kallar vi dekningsbidrag.

Om vi tar på oss oppdraget til for låg pris, tapar vi pengar. Men dersom vi kan oppnå ein pris som dekkjer alle dei variable kostnadene pluss litt av dei faste kostnadene våre, får vi eit bidrag til dekning av dei faste kostnadene, sjølv om vi ikkje får dekt alt.

Om vi prisar for mange oppdrag etter bidragsmetoden, vil vi over tid berre slite ut eit transportmiddel (anleggsmiddel) utan å ha pengar til å skaffe nytt når dette er utslite. Men om det er viktig for oss å kapre ein ny kunde, kan vi godt bruke ein bidragskalkyle i startfasen.

Lenkjer til fagartikler

Selvkostmetoden

Bidragsmetoden

Læringsressursar

Transportøkonomi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs