1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Emballering og klargjøringChevronRight
  4. Vasstett emballasjeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vasstett emballasje

Transport- og lagringsmiljø med høg luftfukt krev vasstett emballasje.

Vartdalkassen er en type isoporemballasje for transport av fersk fisk.
Isoporemballasje for transport av fersk fisk.

Fersk isa fisk krev ein transporttemperatur på 0 °C. Ved denne temperaturen kan isen smelte om fisken ikkje er kjølt ned til frysepunktet på førehand. Emballasjen må derfor vere både vasstett og ha god stablestyrke. Som emballasje bruker vi gjerne isoporkasser. Isopor er laga av plast.

Vi transporterer mykje gods i omgivnader med høg luftfukt. I slike tilhøve må vi også velje ein vasstett emballasje. Innlasting av gods i tette konteinarar i klima med høg luftfukt kan føre til mugg- og soppdanning ved transport over lange avstandar med båt, til dømes frå Asia til Europa.

Mange varer blir emballerte med bølgjepapp. Om produkta skal oppbevarast i fuktig miljø (til dømes på eit kjølelager), må bølgjepappen vere dekt med plast. Om ikkje mister bølgjepappen lett styrken sin, og det blir ein risiko for at varene kan bli skadd.

Læringsressursar

Emballering og klargjøring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs