Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Emballering og klargjøringChevronRight
  4. EmballasjemodularChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Emballasjemodular

Her lærer du korleis emballasjeeiningar må ha bestemte ytre mål for å utnytte plassen på ein europall fullt ut.

Store pakker på transportbånd. foto.

Emballasjemodular

Daglegvarebransjen har standardisert storleiken på kartongemballasje og forbrukarpakningar. Alle D-pak-einingar må gå opp i dei ytre måla for europallen for å vere tillatne emballasjemodular. Om vi deler sidene på europallen i to, får vi følgjande bilete:

Slik kan vi dele inn ein europall.
Slik kan vi dele inn ein europall.

Dette betyr at det er tillate å utforme ein D-pak (kartong) med ytre mål 60 x 40 cm, fordi ei slik eining går opp i dei ytre måla på europallen. Vi kan også dele sidene på 3, 4, 5 eller eit anna heiltal og finne andre einingar som går opp i dei ytre måla på ein europall. Ved å gå fram slik oppnår vi å kunne laste europallar kompakt, slik at vi utnyttar kapasiteten maksimalt. Som ein hovudregel skal ein D-pak ikkje vege meir enn 15 kg, fordi alle slike einingar må kunne løftast for hand.

Døme

Om du lastar to oljefat kvar med ein diameter på 50 cm på ein europall, blir det mykje tomrom mellom oljefata ved innlasting i ein konteinar. Dette ønskjer handelsnæringa å unngå for å oppnå ein best mogleg fyllingsgrad i bilane. Dei betaler trass alt for heile lasterommet.

Daglegvarebransjen har utarbeidd eigne standardar for korleis emballasje skal utformast og merkjast. Desse standardane kan du lese meir om i lenkja «Standardiseringsutvalget for norsk dagligvarebransje» i margen. Om du der lastar ned dokumentet STAND009, kan du lese meir om tillatne transport- og emballasjemodular.

Lenkje

Standardiseringsutvalget for norsk dagligvarebransje

Læringsressursar

Emballering og klargjøring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs