Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PersontransportsystemChevronRight
  4. Gunnar SyreChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Gunnar Syre

I denne oppgåva skal du jobbe med kompetansemål frå faga bransjeteknikk og transport og logistikk. Oppgåva eignar seg godt til gruppearbeid og tek for seg viktige tema som skadar på gods ved godshandtering, lasting og lossing, etiske normer, sikring av last, fraktdokumentasjon og planlegging og handtering av farleg gods.

Paller med varer lastes fra lastebil til perrong. foto.

Hjelpemidler

  • kalkulator
  • veitrafikklovgivningen
  • lov om vegfraktavtaler
  • arbeidsmiljøloven,
  • tolloven
  • ADR-boka

Oppgåver

Skadar på gods førekjem dagleg på norske terminalar og lastebilar. Årsaka til skadane er ofte mangel på kunnskap om godshandtering. Det er også viktig å kunne handtere skaden på ein god måte når han først er oppstått.

  1. Kva føresegner har vi som skal førebyggje skadar på gods?
  2. Dersom du skal rettleie ein kunde som skal sende verdifullt gods, kva vil du råde han til?
  3. Kva vil du gjere dersom du tek imot gods som er skadd, for transport?
  4. Kva for plikter har du som sjåfør når det gjeld å sikre godset du transporterer? Gi døme på metodar du kan bruke for å sikre lasten din.
    For at transporteffektiviteten skal bli betre, er vi avhengige av at terminalane blir så effektive som mogleg.
  5. Ut frå den kunnskapen du har – korleis meiner du at transporten, og spesielt terminaltida, kan bli meir effektiv?
    Gunnar Syre skal sende ti flasker med sveisegass (Asetylen) frå Hamar til Sandnes. Han kjem til deg på Linjegodsterminalen for å få hjelp til å fylle ut dei riktige dokumenta og eventuelt andre nødvendige gjeremål. Mottakar av flaskene er A/S Punktsveis ved Knut Lunte i Sandnes.
  6. Kva slags informasjon og hjelp treng Gunnar Syre?
  7. Skriv ut dei nødvendige dokumenta.
  8. Kva vil du passe på at sjåføren som hentar flaskene, gjer?

Læringsressursar

Persontransportsystem