Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PersontransportsystemChevronRight
  4. Individuelle persontransportsystemChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Individuelle persontransportsystem

Her lærer du kort om individuelle transportsystem.

Rad med drosjer i gateperspektiv. foto.

Individuelle persontransportsystem

  • går ikkje i fast rute
  • er ikkje opne for allmenta

Over heile landet finn vi drosjesentralar. Til kvar sentral er det kopla eit tal drosjar. I dei største byane kan det vere fleire drosjesentralar som konkurrerer om kundane.

Ein drosje kan ta på seg turar som har det eine eller båe endepunkta innanfor løyvedistriktet til drosjen. Samtidig har myndigheitene fastsett eit maksimalt tal drosjeløyve innanfor det enkelte løyvedistriktet.

Alle drosjar må prise turane sine innanfor ramma av maksimalprisar som Konkurransetilsynet har fastsett. Det er opp til den enkelte drosjesentralen å tilby lågare takstar enn maksimaltakstane. Gjeldande maksimalprissystem blei innført 1. september 2011. Du kan lese meir om systemet i forskrift om takstberekning og maksimalprisar for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn.

Lenkje

Forskrift om takstberekning og maksimalprisar for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn

Læringsressursar

Persontransportsystem