Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PersontransportsystemChevronRight
  4. SkuleruterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skuleruter

Når reiseavstanden målt langs den kortaste offentlege vegen mellom bustad og skule overstig definerte avstandar, har elevar ein lovbestemt rett til skuleskyss. Det skal du lære meir om her.

Skolebuss
Skolebuss

Tabellen nedanfor viser gjeldande krav til reiseavstand mellom bustad og skule for ulike elevgrupper. Sjå lenkje i margen.

Gruppe med skyssrettAvstand bustad–skule for å oppnå skyssrett
Funksjonshemma elevar0 km
Grunnskuleelevar med særleg vanskeleg eller trafikkfarleg skuleveg eller behov for båtskyss0 km
Førskuleelevar og grunnskuleelevar i første klasse2 km
Grunnskuleelevar i andre til tiande klasse4 km
Elevar i vidaregåande skule6 km

Tabell: Elevgrupper med lovbestemt skyssrett

Også skuleruter er avhengige av eit trafikkgrunnlag. I distrikt med høgt folketal med mange skulebarn som soknar til same skule, blir det brukt bussar. I område der det bur få, med få skulebarn, blir det brukt minibussar, maksitaxiar og drosjar.

Fylkeskommunane betalar skyssen for vidaregåande elevar, kommunane for grunnskuleelevar. Båe prøver heile tida å velje det billegaste transportmiddelet og samarbeider om transportløysingane.

I område der det bur få folk, dreier reknestykket seg av og til om å halde i drift eller leggje ned skular. Nedlegging fører til lengre skuleruter og skuledagar for elevane. Tidlegare hadde Samferdselsdepartementet desse retningslinjene for maksimal transport- og ventetid for grunnskuleskyss:

Elevane må akseptere ei viss reisetid i samband med skoleskyssen. Ifølgje rundskriv N-4/85 frå Samferdselsdepartementet blir det tatt utgangspunkt i følgjande reisetider (gangtid + ventetid + tid på transportmiddel):

  • 45 minutt for 1. - 4. klasse
  • 60 minutt for 5. - 7. klasse
  • 75 minutt for 8. - 10. klasse

Rundskrivet det blir vist til over, er oppheva i dag, men kommunane prøver likevel å følgje praksisen.

Lenkje

Opplæringsloven, skyss og innlosjering

Læringsressursar

Persontransportsystem