Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PersontransportsystemChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Radielle ruter, heilpendelruter, tverrsamband og ringruter

Her lærer du om radielle ruter mellom sentrum og bustadområde, og om heilpendelruter som blir oppretta for at passasjerane skal sleppe overgang i sentrum. Du får også vite litt om tverrsamband og ringruter.

Bryggen i Bergen

Radielle ruter

Etter kvart som bustadområda rundt eit sentrum blir store nok, blir det oppretta radielle ruter mellom bustadområda og sentrum.

Radielle nærtrafikkruter mellom bustaområde og sentrum. Nye ruter blir oppretta etter kvart som trafikkgrunnlaget blir stort n
Radielle nærtrafikkruter mellom bustadområde og sentrum. Nye ruter blir oppretta etter kvart som trafikkgrunnlaget blir stort nok (minst 5000 personar).

Vi kallar eit slikt system for eit nav-eike-system. Sentrum er navet, dei radielle rutene eiker.

Heilpendelruter

For at flest mogleg skal sleppe overgang i sentrum, koplar trafikkselskapa radielle ruter der dette er mogleg. Figuren nedanfor viser korleis bustadområde 5 er kopla til bustadområde 1. Den kopla ruta kallar vi ei heilpendelrute. Slike ruter pendlar mellom område med omtrent like stor folkemengd på kvar side av sentrum.

Kombinasjon av radielle ruter (grøn) og heilpendelruter (raud)
Kombinasjon av radielle ruter (grøn) og heilpendelruter (raud)

Tverrsamband

Etter kvart som byane veks, oppstår det handelssenter og næringsområde utanom sentrum. Over tid gir dette grunnlag for å opprette tverrsamband. Tverrsamband er ruter som ikkje går via sentrum.

City-Syd kjøpesenter utenfor Trondheim

I dag ser vi at kollektivtilbodet i større byar har tverrsamband i rushperiodane. I desse periodane er etterspurnaden etter direktesamband ofte stor nok til å gi grunnlag for direkteruter (tverrsamband).

Oslo har mange tverrsamband heile døgnet sidan trafikkgrunnlaget er tilstrekkeleg stort. Figuren nedanfor viser prinsippet.

Kombinasjon av radielle ruter, heilpendelruter og eit tverrsamband
Kombinasjon av radielle ruter, heilpendelruter og eit tverrsamband

Ringruter

Ein måte å skape eit tilstrekkeleg trafikkgrunnlag (5000 personar) for ei bussrute på er å opprette ringruter. Vi lagar då samanhengande tverrsamband mellom mange bustadområde og næringsområde. På denne måten får alle som bur i områda som blir trafikkerte, eit tilbod. På slike ruter går passasjerar på og av heile tida. Figuren nedanfor viser prinsippet.

Kombinasjon av radielle ruter, heilpendelruter og ei ringrute
Kombinasjon av radielle ruter, heilpendelruter og ei ringrute

Læringsressursar

Persontransportsystem