Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PersontransportsystemChevronRight
  4. Folketettleiken påverkar persontransportsystemaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Folketettleiken påverkar persontransportsystema

Kollektiv nærtrafikk krev eit tett folketalsgrunnlag. Dette skal vi sjå nærare på her.

Et spredt befolkningsmønster legger til rette for privatbilisme.
Et spredt befolkningsmønster legger til rette for privatbilisme.

Spreidd busetnad legg til rettes for privatbilisme. Bur folk tett, kan kollektive transportløysingar vere det beste.

Dei største byane våre blei til i ei tid då det ikkje fanst bilar. Over tid har byane vakse. Få areal har ofte ført til konsentrert utbygging av bustadområde. I takt med at avstanden mellom sentrum og nye bustadområde har auka, har folk mått busetje seg utanfor gangavstand til arbeidsplassane sine.

For at det skal vere økonomisk grunnlag for å opprette ei bussrute, må det bu minst 5000 menneske innanfor influensområdet til ei rute.

Influensområde for ei rute
Influensområde for ei rute

Sjølv med 5000 busette er det berre økonomisk grunnlag for halvtimesavgangar. Halvparten av norske kommunar har ei folkemengd på mindre enn 5000 personar.

Store byar har bygd ut kollektivsystemet sitt over tid. Oslo, Bergen og Trondheim satsa på sporvogn på byrjinga av 1900-talet. Etter kvart kom bussen og konkurrerte ut sporvognene. I dag er bussen nesten einerådande som kollektivtransportmiddel i alle norske byar unntatt Oslo.

Oslo, med cirka 600 000 innbyggjarar i 2012, har heile tida vore nøydd til å forsterke transportkapasiteten inn mot sentrum i takt med at folkemengda har auka.

Sporvognene går framleis og er kompletterte med eit omfattande bussrutenett. I tillegg er tilbodet bygd ut med tunnelbane, lokaltog, regiontog, intercitytog, fjerntog og flytog. Men sjølv dette er ikkje nok til å møte etterspurnaden etter motorisert transport i hovudstaden. Oslo må derfor fortsetje å byggje ut kollektivsystemet sitt kraftig i åra som kjem, for å møte veksten i etterspurnaden etter persontransport.

Kva vil du tilrå Oslo å satse på i åra som kjem?

Nye T-baner, fleire bussar, fleire sporvogner, fleire lokaltog eller auka utbygging av vegar for privatbilar?

Oslo må fortsetje å byggje ut kollektivsystemet sitt kraftig i åra som kjem.
Oslo må fortsetje å byggje ut kollektivsystemet sitt kraftig i åra som kjem.

Læringsressursar

Persontransportsystem