1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PersontransportsystemChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Persontransportsystem

Vi har i dag både kollektive og individuelle persontransportsystem. Her lærer du kvifor vi ikkje kan basere oss berre på individuelle transportformer.

T-barevogn og passasjerer ved perrong.foto.

På kvardagar reiser mange av oss til og frå arbeid og skule. Så lenge vi bur samla og skal til same reisemål, kan vi reise kollektivt.

Maksimal kapasitet for eitt køyrefelt er cirka 1200 bilar per time.
Maksimal kapasitet for eitt køyrefelt er cirka 1200 bilar per time.

Stadig fleire bur utanfor gang- eller sykkelavstand til reisemåla sine. Vi har blitt avhengige av motoriserte transportmiddel og infrastruktur for slik transport. I grisgrendte område er vegkapasiteten god nok. I tettbygde område er vegkapasiteten mange stader for liten. Mange opplever å stå i kø i trafikken kvar dag.

Ein tofelts bilveg har kapasitet til cirka 1200 bilar per time i kvar retning. Reknestykket er enkelt:

1 time = 60 minutt à 60 sekund = 3600 sekund

Avstanden mellom kvar bil skal vere minst 3 sekund for at trafikken skal flyte på ein trafikksikker måte. Om vi stiller oss opp i eit teljepunkt og tel kor mange bilar som køyrer i kvart felt i løpet av ein time, finn vi trafikkbelastninga per time.

Trafikkplanleggjarar har lenge visst at vegbygging ikkje kan løyse transportproblema i tettfolka byar. Etterspurnaden etter vegkapasitet er større enn det samfunnet har råd til å finansiere. Dessutan finst det ikkje store nok areal å byggje nye vegar på i dei områda det bur mest folk. Derfor er det heilt nødvendig med kollektive persontransportformer.

Læringsressursar

Persontransportsystem